JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kvinne, ukjent er ein samvitsfull krim frå meistrane av skjult klartekst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skuldkjensla Jenny (Adèle Haenel) føler på, set ho inn i rolla som etterforskar. Foto: Arthaus

2426
20170317
2426
20170317

DRAMA

Regi: Jean-Pierre og Luc Dardenne

Kvinne, ukjent

(Orig. tittel: La fille inconnue)
Med: Adèle Haenel, Olivier Bonnaud, Jèrèmie Renier

Jenny Davin (Haenel) er lege i den belasta bydelen i belgiske Seraing. Ho køyrer ei streng line, noko student og assistent Julien (Bonnaud) ikkje taklar. Ein kveld etter stengetid ringer det på, men ho formanar Julien til ikkje å opna. Dagen etter kjem politiet på døra, og det viser seg at ei ung kvinne er funnen død ved elva like nedanfor legesenteret. På overvakingskameraet ser dei at det var den uidentifiserte kvinna som ringde på kvelden før.

Kritiske tider

Det er mange lag i Kvinne, ukjent, som det ofte er i filmane til brørne Dardenne. Som mange gongar før skildrar dei samfunnet i Samtids-Belgia på ein lite insisterande og nøkternt observerande måte. Det ligg ingen opplagd kritikk av innvandring, velferdssystem eller klasseforskjellar her; dei berre gjev att kva dei ser og kva som skjer. Det gjer ikkje at bodskapen forsvinn. Stilt får me observera dei daglegdagse rutinane på legekontoret, og det går ikkje lang tid før stemninga mellom Jenny og Julien verkar anstrengd. Er Jenny for streng? Er Julien for kjenslevar? Det gjer godt å få brukt hovudet på å frigjera opplagde konklusjonar. I filmen, som i røynda, er menneskeleg samspel samansett og komplisert, og det finst ikkje berre eitt svar på kven som handlar rett.

Tradisjonell krim

Kvinne, ukjent er på mange måtar ein tradisjonell krim: Kven har teke livet av det som viste seg å vera ei ung prostituert kvinne med tvilsamt pass? Skuldkjensla Jenny føler på, set ho inn i rolla som etterforskar. Ho leitar ikkje etter gjerningspersonen, men etter identiteten til kvinna. Leitinga fører uansett til at ho stikk nasen i saker som både politiet og andre meiner ho burde halda seg unna. Likskapen til Detektimen stoppar då realitetane set inn: Ved å snoka rundt set ho seg sjølv og andre i ubehagelege situasjonar.

Samvitskap

Det er likevel ikkje ein ubehageleg film. Det ligg ei ro over det heile, og reaksjonane til alle involverte blir spegelbilete på kor menneskeleg – og lett – det kan vera å handla feil. Å følgja samvitet er inga enkel sak, men om Kvinne, ukjent viser oss noko i klartekst, så er det at det er vår fordømde plikt å gjera nett det.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis