Film

Kunstnaren og tjuven

Gritt er vilter og angstfylt moro om kunst og så mangt anna.

Gritt (Birgitte Larsen) strevar med å finne plassen sin i kunstnarverda.
Gritt (Birgitte Larsen) strevar med å finne plassen sin i kunstnarverda.
Publisert

Gritt (Larsen), tidlegare Gry-Jeanette, er kunstnar. Det er ikkje så greitt. Kulturrådet synest ikkje eingong ho kvalifiserer til å søkje på det grenselaust ambisiøse kunstprosjektet ho planlegg. Når tanta er tilbake i byen, er ikkje kattevakt lenger gyldig grunn til ein plass å bu.

Etter å ha leita etter sitt kunstnariske sjølv i Los Angeles, New York, Berlin og Aalborg vandrar ho brått kvilelaust gatelangs i Oslo. Det som knapt er ein sjanse hjå Grusomhetens teater, blir gripe på grufullt sett.

Metamonoman

Den fiktive figuren Gritt er omgjeven av ekte menneske frå ulike kunstverder. Ho har ikkje høyrt om rapparen Lars Vaular, men trenger seg på teatermannen Lars Øyno og hjelper eller heng rundt med Marte Wexelsen Goksøyr, som er lei av at Downs syndrom dominerer synet på henne som regispire.

Det kryr av kjende fjes, med skodespelarar som Andrine Sæther, Anders T. Andersen og Petronella Barker. Gritt er heilt hengd opp i si eiga rolle og korleis ho skal kome til sin rett i denne jungelen av vellukka folk. At ho er oppteken av at kunst ikkje skal skode mot eigen navle, krasjar totalt med framferda og framtoninga hennar.

Goksøyr seier om eitt av prosjekta sine at ein trygt kan kalle det «meta». Kommentaren verkar mynta på filmen vi ser. Gritt masar om kunsten i ein monolog som vender tilbake i eit språk ein ikkje kan trenge gjennom. Det verkar som om ho har lært kva ord ein skal bruke, men ikkje korleis ein skal bruke dei. Ein lyt søkje ein fredfull og kranglete koeksistens mellom teori og praksis, seier ho. Den konseptuelle mentaliteten må transcendere!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement