Krønike om eit varsla mord
Dokuthrilleren om drapet på Jamal Khashoggi har slitsam stil, men vekkjer rettmessig harme.
Jamal Kashoggi (t.h.) i samtale med kronprins Mohammed bin Salman i dokumentarfilmen.
Foto: Another World Entertainment
DOKUMENTARFILM
Regi: Bryan Fogel
The Dissident
Med: Jamal Khashoggi, Hatice Cengiz, Omar Abdulaziz
Kinofilm
Då den saudiske journalisten Jamal Khashoggi blei kvelt og partert 2. oktober 2018 av representantar for den saudiske staten på konsulatet deira i Istanbul, fekk det stor merksemd. Bryan Fogel vann Oscar for beste dokumentarfilm med sin siste film, Netflix-suksessen Icarus. No har han laga film om Khashoggi, saudiske dissidentar og den brutale leiarskapen til kronprins Mohammed bin Salman.
Slit
Regissøren Fogel står med beina godt planta i ein dokumentarfilmtradisjon i USA med mykje midlar og sans for spenning. Musikken er konstant og påtrengande, i tråd med tradisjonen til thrillerar frå Hollywood. Sakte film og enerverande visualiseringar av teknologi og sosiale medium er òg typisk.
Eg har store problem med dette filmspråket. Dei to timane er eit slit. Likevel håpar eg mange ser filmen.
Sinne
Historia bør nå breitt ut. Eg er mykje meir sint på Saudi-Arabia og dobbeltmoralske allierte enn på irriterande dokumentarstil. Raftopris-vinnaren Maryam al-Khawaja omtala landet som IS med statsapparat og solid stønad frå dei leiande landa i Nato.
The Dissident går breiare enn saka om Khashoggi. Det skakar å sjå korleis dei brukar Twitter, det israelske spionprogrammet Pegasus og fengsel for uskuldige for å knuse kritikk. Sidan dei sender folk til litteraturfestivalar i Bergen for å trua forfattarar til å teie, burde det ikkje overraske. Saudiske embetsmenn har òg trua Agnès Callamard på livet. Ho er med i filmen som spesialrapportør for utanrettslege drap hjå FN.
Khashoggi arbeidde tett på styresmaktene i tretti år før han blei den mest profilerte kritiske stemma, med spalte i The Washington Post. Reformatoren blei tvinga til opposisjon. Truslane kom tett. Drapet var varsla. Straffefridomen for dei skuldige er sjølvsagd. Showet går vidare.
Etter stor premiere på The Dissident i Sundance kom ingen bod til Oscar-vinnaren. Strøymetenester fornærmar ikkje mektige marknader. Netflix har før vist at dei lystrar sensurordrar frå Riyadh. Klirringa av oljepengar overdøyver lyden av beinsag mot kroppsdelane til ein modig journalist. Eg tilrår å sjå filmen, sjølv om eg ikkje likar stilen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Straffefridomen er sjølvsagd for dei skuldige. Showet går vidare.
Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.