JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kringsett av fiendar

Filmen om statsminister Golda Meir ser krigen i 1973 frå eit israelsk perspektiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helen Mirren har rolla som Golda Meir.

Helen Mirren har rolla som Golda Meir.

Foto: Sean Gleason / Ymer Media

Helen Mirren har rolla som Golda Meir.

Helen Mirren har rolla som Golda Meir.

Foto: Sean Gleason / Ymer Media

3528
20230908
3528
20230908

Drama / Krigsfilm

Regi: Guy Nattiv

Golda

Med: Helen Mirren, Camille Cottin, Liev Schreiber
Kinofilm

Ein kjapp kavalkade av arkivklipp tek oss frå skipinga av Israel i 1948 til oktober 1973. Den israelske statsministeren Golda Meir (Mirren) er sjuk. Etterretninga registrerer stor aktivitet i Egypt, der troppar nærmar seg Suez-kanalen i det som liknar førebuingar på eit angrep på Sinai-halvøya, som Israel har okkupert sidan 1967.

Menn med militær makt samlar seg med Meir, som skal freiste å ta dei rette avgjerdene for landet. Vi får frampeik til granskinga som viser at noko skar seg.

Marlboro Masada

Mange bilettekstar fortel kven som er kven av forsvarsministeren, Mossad-sjefen og så bortetter. Glimt av fjernsynssendingar frå 1973 skal gje truverd til ein film som freistar nærme seg ei sann historie. Blikket er krystallklart israelsk. Dette er Yom Kippur-krigen, ikkje ramadankrigen.

Tidleg er det sakte film og pompøs musikk for fulle mugger. Omgjevnadene er kjende, med krigsrom for diskusjonar og kontrollrom der ein har skjermar og får urovekkjande lydar frå fronten på øyret. Meir må plukke opp røyret på den store raude telefonen rett som det er. Sekretæren hamrar på skrivemaskina. Militærmenn diskuterer strategi. Aldri har så mange røykt så mykje på film. Meir vil helst ha ein sigarett i munnvika under strålebehandling.

Vi får peik bakover og framover, med historia om kringsette Masada og innspel frå ein ung bajas som heiter Ariel Sharon. Dette er storpolitikk frå den kalde krigen. Sovjetunionen har band til Egypt og Syria. USA vil kontre mot kommunismen, men ikkje hisse opp Saudi-Arabia nok til at olja blir dyr. Kissinger i forma til Liev Schreiber teiknar ein meir sympatisk figur enn mange vil setje pris på. Truleg vil òg eit palestinsk publikum fnyse av at filmen forsvarar ettermælet til Meir.

Meir Mirren

Ei solid sminka Helen Mirren i hovudrolla gjev jernet med ein stilstudie som siktar mot ny Oscar-statuett etter prisen ho fekk i 2007 for The Queen. Ho har vore nominert tre gonger til, og samlar på historiske roller. Eg har mista teljinga på kor mange monarkar ho har spelt.

Mirren er sentral for at Golda skal vere ein sjåverdig film. Kameramann Jasper Wolf viste spektakulært talent på colombianske Monos, men har no strammare rammer. Tidsbiletet verkar røyndomsnært, men filmen tøyer aldri kunstnariske grenser for sjangeren.

Goldas ja

Golda høyrer til ein tradisjon som portretterer statsleiarar i krigssituasjonar. Blant nyare slektningar finn vi Darkest Hour (2017) om Winston Churchill og Kongens nei (2016) om Kong Haakon. Som i dei andre høva skal forteljinga gje forståing for tvil og tankar for ein mektig historisk figur i dei dystraste tider. Vi skal sjå mennesket bak.

Regissør Guy Nattiv legg ikkje skjul på det nådelause språket nytta om arabarane. Meir var utan tvil ein streng sionist. Ho bar trauma frå barneåra som jøde i Kiev, der dei var fritt vilt.

Britiske Golda vik aldri frå det israelske perspektivet. Filmen går inn i ei evig lang rekkje av krigsfilmar som berre ser éi side av ein krig. I det store og heile er det ein nasjonalistisk film, meir i tråd med tendensen i filmar som Max Manus enn både den gamle og den nye Intet nytt fra vestfronten. Både den kunstnariske og den historiske verdien av Golda er såleis avgrensa.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis