Film

Krimskrams

Underhaldning av så lett slag at ein ynskjer seg ein aldri så liten knyttneve i magen.

Stephanie (Anna Kendrick) (t.v.), Emily (Blake Lively) og Sean (Henry Golding) spelar hovudrollene i den nye krimkomedien til regissør Paul Feig.
Stephanie (Anna Kendrick) (t.v.), Emily (Blake Lively) og Sean (Henry Golding) spelar hovudrollene i den nye krimkomedien til regissør Paul Feig.

Komedie / Krim

Regi: Paul Feig

A Simple Favor

Med: Anna Kendrick, Blake Lively, Henry Golding

Lett nevrotiske Stephanie (Kendrick) jobbar med å få i gang matbloggen sin medan ho prøver å halda motet oppe som åleinemor i eit heller snobbete nabolag. Då lett suverene Emily (Nelson) inviterer til drinkar etter å ha henta ungar på same skulen, startar eit slags venskap som i stor grad består av at Emily utnyttar Stephanie til å vera barnevakt. Og så, heilt ut av det blå, forsvinn Emily.

Mindre Feig

A Simple Favor har noko veldig ladies’ night over seg. Det er mykje å, så fulle me blir og å, så høge hælar me kan gå i og å, så høgt me stønnar når me har sex. Eg seier dette for å visa kven eg trur filmen appellerer til, for om dette kan kallast ein eigen sjanger, er regissør Paul Feig ein av dei beste i klassen. Berre tenk på at han har regissert mange episodar for Arrested Development og 30 Rock, to av mine absolutte komiseriefavorittar, og filmar som heva kvinnelege komikarar skyhøgt (også inn på lønningslistene, ei liste reservert for menn i Hollywood), nemleg Bridesmaids (2011) og Ghostbusters (2016). Det skal han ha så uendeleg mykje kred for, berre så det er sagt. Med A Simple Favor held han fram med å halda kvinnefana høgt, men for min del er eg mindre sjarmert denne gongen.

Frøken Detektiv

For å verta ein hit i Hollywood kan ein ikkje vera for dristig. Men blir det for blautt og utan brodd, fungerer ikkje alltid det heller. Og det er noko oppstylta her, noko anstrengt over skodespelet som får det til å verka nesten gamaldags. Særleg morosamt er det sjeldan, om ein ikkje skal tolka misforståingar og farse som komedie.

Krimdelen er grei nok, og det er tydeleg at filmen er basert på ein bestseljande roman. Det er, ikkje overraskande, langt meir frøken Detektiv enn miss Marple her, noko som igjen understrekar at filmen ikkje er meint for meg. Sjølv om plottet i A Simple Favor er ganske intrikat til tider, evnar ikkje filmen å bygga opp spenninga slik (lett samanliknbare) Gone Girl (2014) i større grad gjorde. Om ikkje resultatet er direkte tannlaust, er det heller ikkje mykje å setja tennene i.

Brit Aksnes