Film

Kosmos, kaos, Romsås

Meir enn ein fleirkulturtur til Drabantby-Noreg er Alle utlendinger har lukka gardiner ein tur tilbake til ungdomstida.

Karen Øye og dei andre skodespelarane formidlar ungdomstida på ein truverdig og avslappa måte
Karen Øye og dei andre skodespelarane formidlar ungdomstida på ein truverdig og avslappa måte
Publisert

Det er siste år på Romsås ungdomsskule. Mariana (Øye) og venene har hendene fulle med å vera ungdommar. Besteveninna Isa (Nourizadeh-Lillabadi) kan av og til gå henne på nervane, og ho held på å forgå av avstandsforelsking i tøffe Ali2 (Yildirim). Samtidig reiser broren til Afghanistan mot foreldra sin vilje, og alt vert meir komplisert.

Wallah

Om veggane i blokkene på Romsås kunne snakka, er det ikkje godt å seia kva språk du hadde fått. Då er det godt at det finst ein framifrå tolk, nemleg Maria Navarro Skaranger, forfattar av boka filmen er basert på. Ho voks sjølv opp her, og som fødd i 1994 vil ­eg tru ho også formidlar eit bra autentisk kebabnorsk og eit realistisk kroppsspråk. Om scena det heile utspelar seg på er eksotisk for «poteter» som meg, er det som skjer der, langt meir gjenkjenneleg. Hormontrigga tenåringsfrustrasjonar kjenner ingen kultur, språk eller hudfarge.

Det betyr ikkje at dei ytre faktorane er like for alle. Alle utlendinger har lukka gardiner torer ta opp problema som kan oppstå når folk frå ulike kulturar lyt finna ut av det med kvarandre på ein stad alle må kalla heim, men som ikkje er heilt heime likevel.

Stødig

Eg hadde mi ungdomstid på den tida forfattaren av Alle utlendinger har lukka gardiner blei fødd. Telefon var noko me hadde i gangen, ikkje i lomma. Porno var noko dei tvilsame naboane hadde på VHS. Og det fanst ikkje fleire gudar. Det er fascinerande kor likt reaksjonsmønsteret og dynamikken mellom ungdommane framleis er, trass i eit massivt utanforpress.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement