Koseleg mobbefilm
Det gneistrar ikkje av Lars er LOL, men varmar gjer han.
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Barnefilm
Regi: Eirik Sæter Stordahl
Lars er LOL
Med: Lilly Winger Schmidt, Adrian Øverjordet Vestnes, Norah Lulu Ali-Amoafo
Kinofilm
Då sjetteklassing Amanda (Schmidt) får beskjed om at ho skal vera fadder for Lars som har Downs syndrom (Vestnes), i staden for ein fyrsteklassing, så er ho mildt sagt ikkje begeistra. Og det blir ikkje betre av at klassen har ein jentetrio som ikkje er redd for å henga ut andre på sosiale medium.
For barna
Det er litt koseleg å sjå ein film som er så oppskriftsmessig barnefilm som Lars er LOL. Ein kan jo faktisk seia at han er etter boka, sidan filmen er basert på boka skriven av medmanusforfattar Iben Akerlie. Filmen er også etter boka på den måten at her er det litt av alt: mobbing, forelsking, utanforskap, venskap og Det store oppgjeret. Handlinga er lagd til Byggefelt Austlandet, eit gjenkjenneleg bakteppe, uansett kor i landet ein kjem frå. Det meste skjer jo rundt Oslo, trass alt, så det er trygt og godt.
Kråkeslottet der Lars bur, er akkurat så innbydande og spennande som det skal vera, og trengst som lokkemiddel for at me skal skjøna kvifor Amanda faktisk har lyst til å vera med Lars heim. Eg òg vil drikka lættis-latte og eta arme riddarar med bringebærsyltetøy, eg meiner snigleslim, på det koselege kjøkenet med alle plantene! Han ho er forelska i, er akkurat tøff nok og søt nok til at han heiar me på, og mobbegjengen er akkurat så tøffe og søte at me skjønar at dei skal me ikkje heia på.
Enkelfin
Som alltid er kanskje hovudutfordringa med familiefilmar at dei blir for barnslege for den aldersgruppa det faktisk handlar om, altså eg tippar tolvåringar vil tenka cringe. Men akkurat i den alderen er det meste kleint, så om dei må lida seg gjennom filmen, så tek dei neppe skade av det. Det kleinaste ville sikkert vore om dei som denne meldaren lét seg så lett røra til tårer.
Lars er ikkje LOL, han er berre ein skikkeleg skjønning, og Lilly Winger Schmidt leverer fint som ung jente dregen mellom samvit og lysta til å vera populær. Her er ikkje akkurat lag på lag av komplekst barnesinn, men meir enn nok å fundera på som ungt publikum. Utprega original kan altså ikkje Lars er LOL skuldast for å vera, men ein enkel, liten film om mobbing og sånn. Det kan vera fint, det.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lars er ikkje LOL, han er berre ein skikkeleg skjønning.
Brit Aksnes
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.