Kolonialisme for nybyrjarar
Med stort show og klar tale om økologi og kolonialisme krigar James Cameron for kinoherredøme.
Den digitale formgjevinga har teke nye steg, skriv Håkon Tveit.
Foto: 20th Century Studios / Disney
Action / eventyr / sci-fi
Regi: James Cameron
Avatar: The Way of Water
Med: Sam Worthington, Zoe Saldaña, Stephen Lang
Kinofilm
Storsuksessen Avatar (2009) var ein original storfilm med eit eige univers. No kjem første oppfølgjar. Jake (Worthington) og familien blir jaga av himmelfolket med oberst Quaritch (Lang) i spissen.
Obersten vil ha hemn. Familien flyktar til øyar der dei må koma overeins med havfolket. Saman må dei stå imot fienden når han kjem.
Marinpedagogen
Flyttinga gjev ei ny scene for estetikken i eventyrlandet Pandora med marint tema. Digital formgjeving har teke nye steg. Det er mykje mat for auga. Fargerike artar er sydde vakkert saman av rikdom frå vår verd. Ein finn jamvel eit fangstskip som liknar ei djevelskate.
Visuelle grep syner kva regissør James Cameron kritiserer. Likskapen med kvalfangst er tydeleg. Grove maskiner står mot mjuke organiske former. Den åndelege verda har element av andinske Pachamama og respektfull samhandling med jorda. Kritikken av kolonialisme er like klar som sist, og temaa er minst like aktuelle.
Seriesynder
Stilen høyrer til kulturimperiet USA. Forteljarstemma irriterer. Dialogen er fantasilaus sjølv med islett av fiktivt språk. Den militære sjargongen er så oppbrukt at det skjer i øyra. Fleire av menneska spelar svakt. Musikken er igjen mykje for mykje. Ein slepp heldigvis romantikken frå sist.
Den nye Avatar-filmen er enkel, episk og pompøs. Pedagogikken er barnevennleg. Filmen held merksemda lenge, men kampscener og avrundingar trekkjer ut. Når spetakkelet tværar ut langt over tre timar, blir tolmodet tynt. Repetisjonen held fram. Tre oppfølgjarar til er på veg. Alt i Hollywood er seriekopla. Cameron og storstudioa koloniserer kinoane verda over.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.