Film
Ko-ko skrekk
Freidige Johannes Nyholm har stelt i stand ein heilsprø skrekkfilm om sorg.
Filmen vart ein sensasjon på Sundance-festivalen og skapte lange køar på filmfestivalen i Berlin.
Foto: AS Fidalgo
Elin (Gallon) og Tobias (Edlund) har med dottera til Danmark på ferie då noko går gale, skikkeleg gale. Det er langt frå herleg å vere svensk i Danmark. Etter nokre opningsscener som kan minne om det mest absurde Bruno Dumont kan finne på, stig vi via skuggeteater inn i bekmørk surrealisme med marerittmaraton på telttur tre år seinare.
Marerittmaraton
Speledåsen dottera fekk i opninga, er det estetisk karikerte utgangspunktet for ein morbid telttur som tek til gong på gong. Snarare enn at figurane tar utgangspunkt i erfaringa frå førre runde, som i En ny dag truer, får vi ulike variantar av same utfordring, som i Løp, Lola, løp!. Repetisjonen er klaustrofobisk, forstyrrande og frustrerande. Ein tar seg i å tenke at denne draumen må ta slutt. Kvar nye runde er enormt ekkel. Dei to teltturistane blir galne, forståeleg nok.
Bruken av speledåsen, skuggeteater og eventyraktige visuelle påhitt peikar til kortfilmane Johannes Nyholm nådde stjernestatus med. Barnerim frå dåsen spelar seg ut i takt med den gjentakande stilen, til ein melodi det krev alvorleg musikalsk hjelp å bli kvitt mellom pressevisninga og leggetid, så ikkje meldaren får mareritt sjølv.
Seriøst sprø stil
Nyholm blandar surrealisme med ein stil nærare dokumentarisk realisme. Blandinga av draum, magi og rå realisme er trekt lenger enn før. Alle stilsprella er ikkje berre for å underhalde. Svensken har noko på hjarta. Traume og tap er tema, men han har ein brutalt bekmørk humor som blandar seg inn i tragedien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.