JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kinoåret 2023

Kjende fjes og nye stemmer prega filmåret. Framleis går det alltid ein film som er verd kinoturen, meiner filmmeldarane i Dag og Tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen frå det bolovianske høglandet av regissør Alejandro Loayza Grisi hausta mange prisar på små og store filmfestivalar.

Foto: Fidalgo

2937
20231222
2937
20231222

Charlotte Wells debuterte med openberringa Aftersun. Den såre, vakre og morosame skildringa av oppvekst med ein deprimert far på tur til Syden reiv i sjela. Ei registjerne er fødd i britisk film. Unge Frankie Corio stod ikkje tilbake for Oscar-nominerte Paul Mescal.

Noko så sjeldan som ein boliviansk film på kino fekk vi i nydelege og smertefullt aktuelle Utama, den fyrste filmen til Alejandro Loayza Grisi. Filmen handlar om eit eldre ektepar og barnebarnet i høglandet, der klimaendringane er nådelause.

Past Lives av Celine Song var ein debut med framifrå arbeid i alle ledd, frå tekstur og rytme til skodespel. Song har skrive eit meisterleg manus om kjærleik og migrasjon frå Sør-Korea til Nord-Amerika. Franske Alice Diop er ein utmerkt dokumentarist, men laga sin første fiksjonsfilm med kløktige Saint Omer. Det originale rettssalsdramaet har rike perspektiv på tema som skuld, tru og morskap.

Ringrevar

Den iranske prisgrossisten Jafar Panahi slapp ut av fengsel i år. Med Ingen bjørner handsama han i kjend stil med stor humor rolla til filmskaparar, styresmakter og det sosiale spelet i Iran. Eg plar kalle Romania for Europas Iran, sidan dei trass tøffe rammer stabilt pumpar ut knakande god film. Ein av dei store har lenge vore Cristian Mungiu. R.M.N. var ein enormt ambisiøs og vellukka film om Romania og Europa i dag. Filmen hadde årets mest spektakulære scene, ein massekrangel utan klipp.

Dei kan lage film i USA òg. I tillegg til nybyrjaren Song fleska den gamle kjenningen Todd Field til med sin første film sidan 2006, Tàr. Ei gneistrande Cate Blanchett spelar suksessrik dirigent og komponist. Filmen er genial i skildringa av makt, grenser og generasjonar i kulturlivet.

Ein kulturberar i filmverda er den røynde finske filmskaparen Aki Kaurismäki. Han er seg sjølv lik. Høstgule blader er ein underfundig romantisk komedie med hjarta på rette staden.

Nordisk film

Nye nordiske generasjonar kjem òg. Danske René Frelle Petersen er ei sterk, stillfaren stemme på veg opp. Resten av livet er ei hjarteskjerande forteljing om korleis ein samansveisa familie taklar tapet av eit ungt medlem. Vanskapte land av islendingen Hlynur Pálmason er òg dels dansk, om kolonimakt, kunst, religion og rå natur. Ingen filmar var vakrare filma i år.

I Noreg kom friske og freidige Munch av Henrik Martin Dahlsbakken, sjarmerande Hør her’a av Kaveh Tehrani, og ein gøy leik med fiksjon og røynd om representasjon i Voice av Ane Hjort Guttu, men best var heilstøypte Ellos eatnu – La elva leve av Ole Giæver, med ei sterk Ella Marie Hætta Isaksen. I tillegg til alle kjekke kinoturar var den respektlause serien Makta høgdepunktet på fjernsyn i 2023.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis