Film

KI-krig og fred

Det gjer godt å sjå visuelt storslagen science fiction frå USA utanfor dei kjende seriekonsepta.

John David Washington som den tidlegare spesialagenten Joshua og Madeleine Yuna Voyles som Alphie.
John David Washington som den tidlegare spesialagenten Joshua og Madeleine Yuna Voyles som Alphie.
Publisert

Etter ein atomeksplosjon i Los Angeles har USA i 2065 forbode kunstig intelligens. I staten Det nye Asia, som strekker seg frå Nepal til Thailandbukta, lever derimot såkalla simulantar og folk side om side, medan USA jaktar den nær myteomspunne KI-nestoren Nimrata, som står bak dei avanserte menneskeliknande robotane.

Joshua (Washington) er ein elitesoldat som mistar den gravide kona og kjelda si (Chan) på hemmeleg oppdrag hjå fienden. Når oberst Howell (Janney) tek han med på nytt tokt for å finne eit kunstig intelligent våpen, finn Joshua simulanten Alphie (Voyles), som kanskje er sjølve nøkkelen. Dei to blir ein duo på flukt frå dei fleste.

Elegant estetikk

Tonen i bileta er stoffleg og mjuk. Det gamle og det nye står godt saman. Metallisk Robocop-estetikk, betong og maskiner glir inn i frodige strøk filma i Thailand med grøne knausar og vassbøflar. Produksjonsdesignen er framifrå.

Filmskaparen Gareth Edwards var sist å sjå som regissør av Star Wars-kapittelet Rogue One: A Star Wars Story. Eit sentralt element her er Nomade, ei blanding av eit dronebombefly og Dødsstjerna frå Star Wars i USAs teneste. Han har jamvel med ein kamikazevariant av R2D2.

Tankane går like mykje til Vietnamkrigen i Edwards’ The Creator. Edwards har nemnt Apokalypse nå! som inspirasjonskjelde. Det ser ein. Joshua og Alphie ferdast i usikkert søraustasiatisk landskap. Kven som er på den rette sida, er ikkje lett å seie. Lokale sivile er som vanleg offer i krig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement