JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Keisarens nye kimono

Etter ein sigersgang på festivalar verda over kjem Oscar-bidraget frå Japan endeleg på kino – utan at eg heilt skjønar oppstyret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skodespelarane Masaki Okada og Hidetoshi Nishijima i ei scene frå filmen.

Foto: Bitters End / C&I Entertainment / Culture Entertainment

2522
20220204
2522
20220204

Drama

Regi: Ryûsuke
Hamaguchi

Drive My Car (Orig.tittel: Doraibu mai kâ)

Med: Hidetoshi Nishijima, Reika Kirishima, Toko Miura
Kinofilm

Skodespelaren Yusuke (Nishijima) går gjennom ei krise etter at kona (Kirishima) døyr. Han tek eit regioppdrag i Hiroshima, og det er den unge sjåføren Misaki (Miura) som skal verka som forløysande faktor for å få livet i perspektiv.

Drive my Saab

Eg skal ikkje skryta på meg å ha lese så mykje Haruki Murakami, det vart med Norwegian Wood og eit par til, den gongen på nittitalet då det i visse krinsar var påbode å lesa og nesten like påbode å lika han. Og der har du meg, eit kvart hundreår seinare, motstraums Murakami nok ein gong.

Eg vil ikkje seia eg gjekk fordomsfull inn i kinoen, utanom tanken på at filmen varar i tre timar, men eit snev var det nok likevel. Det startar vakkert – vakre menneske i vakre klede i vakre møblar, ein slags interiørkatalog for vestlege som elskar Japan.

At Yusuke køyrer ein vintage raud Saab, passar vidare inn for å understreka banda til vestlege sjåarar. Og ikkje minst at Tsjekhov står på planen når ein skal gjera eit djupdykk i dramatikken, eit dykk som for meg framstår uforståeleg. Skal det få meg til å tenkja over livet og det forgjengelege? Det framkallar ikkje andre djupe kjensler i meg enn djup keisemd.   

Historielaust

Mykje kan forsvinna i omsetjinga – eg håpar det stemmer for flosklar som «hun løste historien fra orgasmens grep». Lite av det som blir sagt, rører meg særleg, anna enn dette som rører ved nerven som sender melding til auga mine om å rulla opp mot taket.

Det mest fengjande med filmen var kva kona eigentleg dreiv med, og kva ho eigentleg tenkte, men i staden for å følgja dette sporet er det altså kva mannen hennar tenkjer ho tenkte, som skal halda på merksemda mi. Det og lange sekvensar frå Onkel Vanja på ulike språk, då.

Likevel er ikkje Drive My Car utan kvalitetar. Filmen flyt av garde over lange strekk med motorveg og nydelege kystlandskap og spelar på eit rollegalleri som bidreg til å gjera meg tilstrekkeleg nysgjerrig på dei ulike karakterane. Synd då at eg ikkje blir meir gripen av sjølve historia, så lite at eg til slutt ikkje veit heilt kva historia skulle vera.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kultur­arbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Filmmusikken til Eiko Ishibashi er meld på side 32–33.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Drive My Car er ikkje utan kvalitetar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis