Film

Kaptein Cooper

Multitalentet Bradley Cooper viser styrkar i portrettfilmen om Leonard Bernstein.

Bradley Cooper spelar Leonard Bernstein i tillegg til å vere manusforfattar, regissør og produsent.
Bradley Cooper spelar Leonard Bernstein i tillegg til å vere manusforfattar, regissør og produsent.
Publisert

Leonard Bernstein (Cooper) var ei stor stjerne i den vide musikkverda. I Maestro slår vi følgje med den musikalske og private reisa hans. Forholdet til kona Felicia Montealegre (Mulligan) er ein raud tråd. Det ekstraordinære talentet Bernstein får funkle med nyansar i eit litt typisk kunstnarportrett.

Eg vil så mykje

Folk sa at Bernstein måtte velje. Han ville helst ha alt. I ei definerande scene seier kona at han sprikar i fleire musikalske retningar. Når han svarar at han har lyst til så mangt, lyser blikket intenst mot ein dansande matros. Han har hug til mykje forskjellig, både kunstnarisk og seksuelt.

Replikken har klar dobbel tyding. Dirigenten, komponisten, pianisten, forelesaren og fjernsynsformidlaren stod for barnesongar, musikalar og standardverk for symfoniorkester. Eskapadane med andre menn var openlyse. Pose og sekk, takk.

Bradley Cooper identifiserer seg truleg med viljen til å prøve dei ulike talenta sine, om ikkje anna. Mannen som overraska med songstemma i regidebuten A Star Is Born, konsoliderer karrieren som seriøs skodespelar og regissør med Maestro. I rolla som Bernstein spelar Cooper på eit heilt anna register enn i filmar som American Sniper. Faktene og språket til den ekstravagante showmannen er imponerande innarbeidde.

Får det til

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement