Kanarifuglen i gruva
Universell tematikk med mongolsk vri gjev ein vakker, men vel pedagogisk film.
Elleve år gamle Amra kjempar mot gruveselskapet på vegner av faren.
Foto: Storytelling Media
DRAMA
Regi: Byambasuren Davaa
Gullåren
Med: Bat-Ireediu Batmunkh, Enerel Tumen, Yalalt Namsrai
Kinofilm
Gullstrupen Amra syng den tradisjonelle mongolske songen «Gullåren». Draumen er å reise til hovudstaden Ulaanbaatar for å tevle i Mongolia’s Got Talent. Faren er ein leiande figur i lokalmiljøet, men tar seg god tid med å skrive under brevet frå skulen om løyve til å vere med.
Mora verkar meir handlekraftig, og med gullsvoltne gruveselskap på frammarsj treng Mongolia slike som ho. Det skrur seg til når mannen hamnar i ei ulukke.
Kulturskulen
Gullåren går inn i ein tradisjon med å vise kulturtrekk frå land som får lite merksemd i filmar der tradisjon gnissar mot modernitet. YouTube, mobiltelefonar og gulljakt gnissar mot nomaderåd, husdyrhald og mongolske mytar.
Særeigne trekk er framheva. Skjørosten aarul, den fermenterte hoppemjølka airag og innreiinga i jurten plasserer oss trygt på dei mongolske steppene.
Alt er passande pittoresk. Landskapet er skapt for breie kinolerret, og fotografiet gjer god nytte av geiter i kveldssol. Kameraføringa speglar den urolege tida med konflikt mellom det tradisjonsrike nomadelivet og næringsinteressene til selskap med namn som Global Mining.
Didaktikken
Etter kvart som Amra forstår at det er fleire pengar å hente i gruva enn i å selje ost, blir han ein slags kanarifugl i kolgruva. Sluttar han å syngje, er det dårleg stelt.
Gullåren har delar av utnyttinga i gruvelitteraturen til Émile Zola og chilenske Baldomero Lillo. Samstundes er han bygd over lesten til palestinske The Idol, om ein gut som freistar kome ut av Gaza for å vise fram songstemma, eller dokumentaren Afghan Star.
Regissør Byambasuren Davaa mistar stundom tråden i soga om songen, men guten det handlar om, glir nett same veg. Filmen dreiar inn mot hovudkonflikten rundt gruver mot lokalliv. I didaktisk stil ser vi kampen til den heroiske mora mot karikerte profitørar. Fleire perifere figurar overtyder lite, men Enerul Tumen er stødig i rolla som mora, og guten flyt på sjarm.
Filmen eignar seg for folk i skjeringa mellom born og ungdom, men siktar òg mot vaksne som må glede seg over eit fint folk, dei vakre bileta og miljøengasjementet for å få full utteljing. Konflikten er klassisk, kampen mot griske gruveselskap er viktig verda over, og Mongolia har både talent, natur og kultur det er kjekt å bli kjend med.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.