Kampen om Algerie
La deg riva med av algerisk ungdom i framifrå kamprop.
18 år gamle Papicha (Lyna Khoudri) drøymer om å bli motedesignar, medan terroristar ynskjer å innføre eit muslimsk regime overalt i Algerie.
Foto: The Ink Connection
DRAMA
Regi: Mounia Meddour
Papicha – kampen om frihet
Med: Lyna Khoudri, Shirine Boutella, Amira Hilda Douaouda
KINOFILM
Nedjma eller «Papicha» (Khoudri) og venninnene går på universitetet i Alger seint i 1990-åra. Algerie er splitta av borgarkrig.
Ekstreme religiøse grupper spreier frykt med valdelege angrep mot alle meiningsmotstandarar. Feil kle er nok. Nedjma opererer som undergrunnsskreddar på diskotekdo. Draumen er å bli designar.
Sjarm og varme
Sjølv om historia er særeigen for algeriske høve i ei unik tid, er ho klassisk og tidlaus. Regissøren Mounia Meddour trykker på store knappar for melodrama utan at det byd meg det minste imot. Høg temperatur passar tematikken. Fanatikarar trugar ein gjeng det er lett å like og som er på veg mot livet. Jentene vil heller ha støtte enn vern, men det er harde tider og ungdommen er i flyt mellom ulike vegar.
Den livlege gjengen speglar spekter av draumar studentar kan ha. Fleire av figurane er dynamiske. Forteljinga har nyansar i tillegg til klare prinsipp. Nedjma har hug til både populærkultur og algerisk tradisjon, men hatar religiøs undertrykking. Bønneropa brummar i det fjerne når jentene snik seg over skulemuren og tar på leppestift. Det gjeld å få skautet på og kassetten med «Get Up» av Technotronic av når taxien nærmar seg eit sjekkpunkt.
Fotografiet er prega av flott flyt som saman med kvikk klipp og lyd løftar kjensla av rastlaus ungdom. Bileta har briljant tekstur. Friske fargar og intimt snitt med varmt ljos møter skuggar som reflekterer dei svarte nittiåra. Det driv godt med mykje spenning. Pulsen går. Gneistrande Lyna Khoudri i tittelrolla osar av energi og sjarm. Hennar vinnande vesen er gull verdt. Ei stjerne er fødd.
Vreide og von
Regissøren Mounia Meddour debuterer med ein smell. På den franske César-utdelinga vann ho prisen for beste første film. Khoudri vann for beste lovande, kvinnelege skodespelar. Kostyma burde òg vore nominerte. Handverket er skotsikkert. Historia er skakande. Det riv og brenn i hjarta. Filmen er eit flammande kamprop. Nedjma og gjengen vil ikkje la si stemme vere stille i kampen om kva Algerie skal romma. Dramaet har publikumspotensial. Folk lyt gå på kino for å kjenne vreide og von i vakker, fri flyt.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gneistrande Lyna Khoudri i tittelrolla osar av energi og sjarm.
Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.