Julie spring
Tidsklemma for ei fransk aleinemor er skildra stramt og stressande.
Laura Calamy, som spelar den travle aleinemora Julia, fekk pris for beste hovudrolle på filmfestivalen i Venezia i haust.
Foto: Arthaus
Drama
Regi: Éric Gravel
Tatt av tiden (Orig.tit.: À plein temps)
Med: Laure Calamy, Anne Suarez, Geneviève Mnich
Kinofilm
Julie (Calamy) vaknar av alarmen og hastar snart av garde. Det er framleis mørkt då ho leverer borna hjå naboen (Mnich) som skal ta dei til og frå skulen. Når Julie kjem att, er det mørkt igjen. Ho har brukt ei æve på å reise frå småbyen til arbeidet i sentrum av Paris under ein omfattande streik.
Radio og fjernsyn dekkjer protestar og buss for tog. Jobben med å leie eit lag med reingjerarar på eit luksushotell er ein kamp mot klokka, som resten av livet.
Stresstest
Julie spring som Lola i filmen av Tom Tykwer. Med det same Julie vaknar, set energisk elektronisk musikk av Ire`ne Dre´sel rytmen. Intenst stress aukar med kjappe klipp og kamera i uroleg rørsle. I kombinasjon med musikken får filmen noko til felles med heisaturane til Safdie-brørne frå New York med Good Time og Uncut Gems.
Meir openberre referansar er Dardenne-brørne à la oppjaga To dager, én natt. Moderat fargebruk og tydeleg forankra fransk kontekst gjer at ein kjenner nærleiken til dei mange gode franske dramaa som har skildra kor umogeleg det er for franske arbeidarar å halde hovudet over vatnet, av folk som Stéphane Brizé og Laurent Cantet. Men Tatt av tiden er ingen politisk pamflett. Til det er ambisjonane til Julie for individuelle. Streiken er eit uromoment som gjer livet hennar vanskelegare. Ho vil halde på eit romsleg hus heller enn å unngå tidsklemma.
Stødig arbeid
Sikker regi gjer at ein kjenner stresset på kroppen. Dei grunnleggjande elementa og problema er kjende. Julie slit med stram økonomi, fråverande far, press frå hierarkiet i jobben og uventa utanforståande utfordringar. Ho blir tvinga til å bryte lovnader, lyge og skulke.
Laure Calamy spelar godt, slik ho har gjort i mellom anna Claire Darling og Ava. Det kjem ein stadig straum av solid fransk film på kino. I eit sjikt der arbeidarane er distanserte frå kamp om rettar, er flyvertfilmen Zero Fucks Given frå i fjor friskare. Vonleg kjem også denne på kino. Tatt av tiden er ein gjennomført god film. Etterpå treng du ei stund i ein stressless.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men Tatt av tiden er ingen politisk pamflett.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.