Film
Jesus van Gogh
Så kjedeleg som dette kan galskap og genialitet framstillast.

Filmen tek for seg det vaksne livet til Vincent van Gogh (Dafoe), der han strevar rundt med staffeliet sitt på slep i Frankrike, finansiert av broren Theo (Friend) og med sosiale innslag som krovertinner, prostituerte og Paul Gaugin (Isaac).
Sprøtt
No skal det seiast at fjorårets fantastiske Loving Vincent gjer den biografiske delen av Julian Schnabels fanfilm ekstra lite informativ for akkurat meg. Det gjorde opplevinga mi ekstra uinspirerande. Så stiller eg meg også særs tvilande til alt som vert sagt og gjort i Van Gogh – At Eternity´s Gate. For mange detaljar kjem ut av Willem Dafoes tolking til at eg trur på det.
Såg han seg sjølv så klart i kontekst som det han uttrykkjer ved å seia at ja, det er han og Gaugin som må revolusjonera malarkunsten? Og at ja, han er, som Jesus, misforstått av samtida, som enno ikkje har oppdaga kor genial han er? For ikkje å snakka om teorien om korleis han fekk skotet i magen som tok livet av han kort tid etter. Kor tek manusforfattar og regissør Schnabel dette frå?
Samansurium
Eg sit att med kjensla av å ha sett eit samansurium av uoppgjevne kjelder, ynsketenking og halvkvedne teoriar som til alt overmål er sett saman på ein særdeles uoriginal og langdryg måte. Visst er det vakkert, men med eit godt kamera og Provence i linsa skulle det berre mangla.
Det verkar likevel overflatisk pent og som om den viktigaste grunnen til å laga filmen var at Willem Dafoe passar så godt til å spela van Gogh. For å få fram kor mentalt i ulage han var, vert lange dialogstykke gjentekne med ekkoaktig klang. Tenk, han må ha vore heilt sprø! Hadde filmen vore kutta ein times tid, hadde han vore ein klassisk laga-for-TV-biografi.