Film

Jag vil tacka livet

Eg minnest ikkje sist eg lo og grein så mykje på kino.

Uje Brandelius, Therese Hörnqvist og borna spelar seg sjølve. Filmen fekk Guldbagge for beste manus, beste skodespelar og beste film i januar.
Uje Brandelius, Therese Hörnqvist og borna spelar seg sjølve. Filmen fekk Guldbagge for beste manus, beste skodespelar og beste film i januar.
Publisert

Eg vil åtvara om at dette er ei hylling utan hemningar. Det er kanskje best å sjå filmen først viss ein er redd for opphaussa forventingar. Uje Brandelius er kjend som frontfigur i det svenske raddispoporkesteret Doktor Kosmos. I Spring Uje spring får han vita at han har Parkinsons sjukdom rett før femtiårsdagen. Medisin finst ikkje. Forverring er brennsikkert. Klarar familiefaren å fortelje det til sine nærmaste? Ikkje nett med det same.

Sjukt stilig

Uje, familien og bandet spelar seg sjølv, alle saman. Hovudpersonen gjer ein formidabel jobb. Sambuaren Therese er òg knakande god, men ho er faktisk skodespelar. Døtrene glitrar, med vetle Vega som ei superstjerne.

Mange vil kjenne seg igjen i den daglege donten for familiar. Kven skal levere og henta i barnehagen? Kor interesserte er det mogeleg for andre foreldre på sjakk- og fektetrening å bli i om ein eig eller leiger bustad, og kor «blanda» bydelen er? Tidsklemma mellom radiojobb, resirkulering og øving blir verre når pianofingrane skakar og sinnet snik seg på.

At alle spelar seg sjølv, styrkjer realismen, men filmen er visuelt stilisert, med slåande tablå frå stockholmsk forstad og kjekk leik med ljos. Speletid på 78 minutt vitnar om ein effektivt fortald film i høgt tempo med stram rytme.

Topp tonar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement