Innsikt blir ofra til fordel for dramatisering
Mens skodespelarane kastar dei siste handgranatane sine i ein håplaus kamp mot den raude horden, glepp sjansen til djupare innsikt i kven frontkjemparane eigentleg var.
Regissør Alexander Kristiansen instruerer statistane på settet under filming av serien «Frontkjempere» på NRK.
Foto: Lukas Salnas / Filmavdelingen AS / NRK
Regissør Alexander Kristiansen instruerer statistane på settet under filming av serien «Frontkjempere» på NRK.
Foto: Lukas Salnas / Filmavdelingen AS / NRK
TV-serie
Produsert av Filmavdelingen for NRK
Frontkjempere
Dokumentarserie i 4 episodar
Produsent: Eirik Fosse
Produsent/Regi: Alexander Kristiansen
Prosjektredaktør NRK: Marie Sjo
Våren 1981 rulla NRKs eigenproduserte dokumentarserie I solkorsets tegn over norske TV-skjermar. Fire onsdagskveldar på rad fekk sjåarane, som stort sett ikkje hadde andre alternativ enn statskanalen, sjå åtte tidlegare medlemmer av Nasjonal Samling fortelje sin versjon av det dei hadde vore med på før og under okkupasjonen. Sju av dei angra ikkje på noko.
Programskaparen Haagen Ringnes gav nødvendig historisk kontekst gjennom dei 50 minutta kvar episode varte, mens andre samtidige deltakarar og historikarar kommenterte framstillinga til NS-veteranane. Programmet førte til sjåarstorm, og debatten tok til før fyrste episode var vist. Mange lét seg provosere av at landssvikdømde 35 år etter krigen fekk fortelje fritt og nokså uimotsagt at dei berre hadde gjort det som rett var, og at dei kjende seg urettferdig behandla etter krigen.
Nøyaktig 40 år seinare lanserer NRK no ein ny dokumentarserie der sju frontkjemparar slepp til med sin versjon av kvifor dei handla som dei gjorde, og ikkje minst kva dei gjorde og ikkje gjorde. Den nye dokumentarserien Frontkjempere er til liks med serien frå 1981 samansett av fire episodar på litt under ein time. Også denne gongen har debatten starta før fyrste episode er vist, men der stansar òg dei fleste likskapar. Det er verdt å merke seg at kritikken denne gongen kjem frå fleire av historikarane som er nytta i dokumentarserien.
Frontkjempere er ikkje produsert av NRK, men kjøpt inn frå Filmavdelingen AS. Alexander Kristiansen har arbeidd med prosjektet i elleve år og er produsent, regissør og manusforfattar for serien. I debatten dei siste dagane har fleire av dei medverkande historikarane fortalt om ein problematisk dialog med serieskaparen og med NRK. Dei reagerte sterkt på måten dei hadde vorte klipte inn og nytta i eit tidleg utkast – og dei prøvde å protestere. Den endelege versjonen fekk dei sjå fyrst to veker før sendedatoen, og då var det uråd å gjere justeringar.
Kritikken som fire av dei medverkande historikarane har komme med, er tungtvegande, og serien har eit orsakande skjer over seg som det til tider kan vere vanskeleg å setje fingeren på. Det er i alle høve frontkjemparane sine eigne forteljingar som står i sentrum. Fyrst og fremst slitet ved fronten og påkjenningane i møte med krava krigen set. Store delar av serien er dramatiseringar av scener frå det veteranane opplevde.
To dramatiske dagar
I to av dei fire episodane er det vigd stor plass til forteljinga om dei rundt 200 norske skijegerane som vart storma og nesten heilt utsletta av russiske styrkar på dei to høgdene Kaprolat og Hasselmann i russisk Karelen midtsommars 1944. Skijegerane som vart angripne den dagen, utgjorde ein svært liten del av det totale talet på frontkjemparar, og det er grunn til å spørje kvifor så mykje plass blir nytta på ei actionfylt dramatisering av to dagar i 1944.
Mange vil utan tvil sjå dette som spennande på linje med tallause andre krigsdokumentarar, til dømes på History Channel, der våpen og utstyr står i sentrum. Men mens skodespelarane kastar dei siste handgranatane sine i ein håplaus kamp mot den overveldande raude horden, glepp sjansen til djupare innsikt i kven frontkjemparane eigentleg var.
Det er i alt det som ikkje blir omtalt, eller berre så vidt blir nemnt, den orsakande vinklinga blir verkeleg tydeleg. Dei rundt 3600 frontkjemparane var sjølvsagt ikkje ei heilt einsarta gruppe.
I ein dokumentarfilm om norske frontsystrer, produsert for NRK i 2011, vart ei handfull tidlegare frontsystrer sanningsvitne om at alle dei 450 norske kvinnene som melde seg til tysk teneste, var apolitiske, unge og naive og berre ønskte å pleie såra soldatar. Ei av dei intervjua fortalde om all uretten ho meinte seg utsett for, mens ho drakk kaffi av ein kopp merkt med «SS-Divisjon Wiking». Det same gjentek seg i serien om frontkjemparane.
Motiva for å melde seg var sjølvsagt samansette for kvar enkelt, men historikaren Sigurd Sørlies forsking viser at det store fleirtalet var rekrutterte frå Nasjonal Samlings eigne rekkjer, og at vervekampanjane appellerte til svært få utanom partiet. Det bør likevel vere mogleg å unngå å skjere alle over ein kam og innsjå at det i kolonnane av marsjerande nordmenn i fiendeuniform var personar med ulike tildriv. Nokre av dei var òg svært unge.
Den unge alderen vart rekna som formildande omsyn under rettsoppgjeret mot somme, men biletet av at nesten alle var 16–17-åringar, stemmer ikkje. Historikaren Gunnar Sverresson Sjåstad har vist at gjennomsnittsalderen for verva gjekk ned frå omkring 25 år i 1941–1942 til 22 år i 1944. Mot slutten av krigen steig gjennomsnittsalderen svakt. Det er likevel frontkjemparane sine eigne forteljingar om ung alder og manglande politisk interesse som pregar serien.
Den ideologiske skuleringa dei fleste fekk under rekruttopplæringa i Sennheim i Alsace og andre stader, eller som ein del av offisersutdanninga i Bad Tölz i Bayern, blir ikkje nemnd. Ideologien heldt fram med å prege soldatlivet ved fronten, gjennom feltaviser, radio, talar og ordrar som vart gjevne. Alt dette er utelate i serien. Den massive antisemittiske propagandaen som gjennomsyra NS-organet Fritt Folk og blad som Hirdmannen og Germaneren, blir ikkje tematisert, og sjåarane vil vanskeleg kunne forstå kor sentral førestillinga om ein kamp mot den såkalla «jødebolsjevismen» var i vervekampanjane. Under krigen var propagandaen tydeleg på at frontkjemparane var politiske soldatar. Etter krigen har mange frontkjemparar sjølv prøvd å distansere seg frå dette, mellom anna i ein omfattande memoarlitteratur. Forsøka etter 1945 på å framstille seg som berre vanlege soldatar deler dei norske veteranane med SS-veteranar frå heile Europa, og banda til europeiske veteranorganisasjonar har vore mange.
Fangevaktar
I serien finst det heller ingen referansar til det fleire frontkjemparar vart innblanda i her i Noreg. Dette er etter mi meining den største unnlatingssynda til serieskaparane. Nokre av frontkjemparane var med på å arrestere norske jødar hausten 1942. Då arresterte jødiske menn måtte stå med andletet vendt inn mot muren i Kirkeveien, stod tidlegare frontkjemparar og terroriserte dei ved å ta ladegrep på riflene sine.
Som fangevaktarar ved Berg interneringsleir deltok tidlegare frontkjemparar mellom anna i mishandlinga av arresterte jødar. Dei fylte etter kvart rekkene i Statspolitiet, det tyske tryggingspolitiet, i Quislings «førargarde», og Hirdens Alarmenhet. Dei utmerkte seg gjerne som dei mest valdelege i aksjonar og i avhøyrssituasjonar. Mot slutten av krigen deltok nokre få i regulære kamphandlingar mot Milorg.
Frontkjemparane vart òg prioriterte då eigedelane til deporterte eller flykta jødar skulle fordelast. Éin av dei sju frontkjemparane som blir intervjua i serien, Bjørn Østring, flytta inn i eit møblert husvære beslaglagt frå ein jødisk familie der den unge familiefaren var deportert og drepen. Frontkjemparheimen på Voksenkollen vart innreidd med eigedelar frå jødiske heimar.
I 1981 innsåg Haagen Ringnes at forteljingane NS-medlemmene kom med, måtte balanserast med historiene til nordmenn som hadde opplevd den verste sida av det regimet dei intervjua var med på å halde oppe. I eitt av programma fortalde Auschwitz-overlevande Robert Savosnick om kor katastrofal okkupasjonen hadde vore for den vesle jødiske minoriteten i landet. Frontkjemparane i NRKs nye serie blir spurde om kva dei såg ved fronten, men ikkje korleis dei opplevde utviklinga av og eventuelt deltakinga i okkupasjonen av Noreg.
Dei norske deltakarane i den raseideologiske utslettingskrigen på austfronten har snakka lite om anna enn regulære kamphandlingar mot sovjetiske soldatar og eit urettvist rettsoppgjer. Ein av dei sju frontkjemparane i serien, Olaf Tuff, er eit unntak. For nesten ti år sidan fortalde han til NRK at han i Ukraina mellom anna hadde vore med på å stengje 200–300 sivile inne i ei kyrkje som så vart stukken i brann. Scena med den brennande kyrkja er gjenskapt i ein av episodane, men statsvitar Stein Ugelvik Larsen går langt i å gje til kjenne at dette truleg var ei enkelthending som neppe mange andre av dei rundt 300 nordmennene i Divisjon Wiking opplevde.
Groteske lesarbrev
Her kunne serieskaparane godt ha lese opp kjende døme der frontkjemparane sjølv skreiv heim om eigne drap på jødar i groteske lesarbrev til bladet Hirdmannen og i lokalavisa Vestfold Presse i 1941 og 1942.
I Riksarkivet finst landssviksaka til ein ung mann frå Vestfold som melde seg som frontkjempar våren 1941, rett før han fylte 19 år. Han gjorde teneste i Divisjon Wiking, i eit regiment med mange nordmenn. I sakspapira låg ein rapport frå ein tidlegare skulekamerat som hadde flykta til Sverige. Der gav den tidlegare kameraten att noko frontkjemparen hadde fortalt han heime på perm etter fronttenesta: Kvar gong avdelinga hans rykte inn i ein ny landsby der det fanst jødar, stilte dei opp og skaut jødane på staden. Denne opplysninga vart ikkje tillagd vekt under saka mot den unge vestfoldingen. Han hadde rokke å gjere meir enn nok i Noreg etter at han kom heim frå fronten, og kunne mellom anna dømmast for drap.
Nyare norsk og internasjonal forsking er klar på at Waffen SS var ein integrert del av den tyske drapspolitikken i aust. Det er ikkje dermed sagt at alle nordmennene var personleg involverte i krigsbrotsverk. Skijegerar i Karelen oppheldt seg i område stort sett utan sivile.
Når det gjeld framstillingar av overgrep som nordmenn var med på, handlar desse fyrst og fremst om dei 300 som deltok i Divisjon Wikings erobringstokt frå sommaren 1941, og dei mange som kom til denne divisjonen seinare. Men nordmennene var spreidde tynt ut over mange ulike SS-avdelingar. Ei handfull deltok mellom anna i den blodige nedkjempinga av Warszawa-oppstanden hausten 1944 i ei avdeling som stod bak omfattande massakrar.
Lite innsikt
Serieskaparen Alexander Kristiansen har lagt for sterk vekt på meir eller mindre realistiske gjenskapingar av kampscener, framfor å skaffe fram ei djupare innsikt i kven frontkjemparane eigentleg var. Stillbilete frå innspelinga viser mellom anna ein hjelmkledd SS-soldat væpna med maskinpistol som speidar utover horisonten, skremmande lik teikningane til Finn Wigforss, som var frontkjemparane sin eigen propagandateiknar. Eit anna bilete viser Kristiansen mens han instruerer skodespelarane i handtering av ein mauserkarabin. Historia til frontkjemparane har i lang tid hatt ei spesiell tiltrekkingskraft på mange, og denne serien vil openbert appellere til enkelte av dei.
Men dei sju ekspertane blir overdøyvde av granatnedslag og maskingeværsalvar. Det er ikkje lett å få med seg om dei eigentleg er usamde om så mykje, og dei spreidde kommentarane blir i liten grad nytta til å korrigere utsegnene til frontkjemparane. Når fire av historikarane no kjenner seg misbrukte, er det vanskeleg å stole på dei vurderingane serieskaparen har gjort når det gjeld kva som er teke med, og kva som er klipt bort. Det kan nesten verke som om Stein Ugelvik Larsen, den einaste som også var involvert i NRK-serien frå 1981, motseier seg sjølv ved enkelte høve, men det kan like gjerne vere dårleg redigering som gjev dette inntrykket.
Som i Haagen Ringnes’ serie frå 1981 er det lite anger å spore. Enkelte av dei intervjua har brukt mykje tid og krefter gjennom livet på å fremje sitt syn og på å frigjere seg frå landssvikarstempelet. Den avsluttande episoden hamnar i ei grøft av orsaking og relativisering.
Heilt til slutt set frontkjemparen John Sandstad ord på kvifor han ikkje kan angre. Anger vil innebere at alt – blod, sveitte og tårer – har vore spilt fånyttes. Det er det kanskje mogleg å forstå. For mange enkeltmenneske på begge sider, anten dei låg ved fronten, segla på havet eller sat i fangeleir, vart dei fem krigsåra forståeleg nok den perioden resten av livet roterte rundt.
Sjølv om Frontkjempere ikkje er produsert av NRK, som serien var i 1981, har statskanalen framleis redaksjonelt ansvar for kva dei vel å publisera. Svara NRK til no har møtt kritikken med, imponerer ikkje.
Kvifor er det ikkje mogleg å lage ein serie med meir problematisering og mindre dramatisering? Serieskaparen sit truleg på nok råmateriale til å gjere nettopp det, og til å lage ein serie som inneheld ein tydelegare raud tråd. For resultatet som føreligg, gjev ikkje god og brei nok innsikt i kven frontkjemparane var, kvifor dei melde seg, og kva dei faktisk gjorde.
Mats Tangestuen
Mats Tangestuen er historikar og fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.
Motiva for å melde seg var sjølvsagt samansette for kvar enkelt, men historikaren Sigurd Sørlies forsking viser at det store fleirtalet var rekrutterte frå Nasjonal Samlings eigne rekkjer.
Motiva for å melde seg var sjølvsagt samansette for kvar
enkelt, men forsking viser at det store fleirtalet var rekrutterte frå Nasjonal Samlings eigne rekkjer.