Inn frå varmen
I stordomstida var det over 500 kinoar spreidde utover Cuba. Samanlikna med det er Havanna Filmfestival spreidd utover
ganske få lokale, men for nokre lokale.
Den mest sentrale kinoen i Havanna er Yara, som ligg midt i gate 23.
Alle foto: Brit Aksnes
Havanna Film-
Festival
5.–15. desember 2019
Eg skriv Havanna Filmfestival, men det riktige namnet er altså Festival Internacional del Nuevo Cine Latinoamericano. Vanlegvis er det Dag og Tids latinamerikaspesialist Håkon Tveit som pleier rapportera herifrå. Festivalen vart grunnlagt i 1979, og det er Håkons 11. gong her. Og min fyrste. Og eg skjønar fort at det hadde vore ein fordel om eg òg kunne spansk.
Riviera
Det byrjar sånn passe. Den vakre kinoen Riviera er godt full klokka 10.00 om morgonen. Eg har kjøpt festivalpass, som kostar rundt 50 Cuban Convertible Peso (forkorta CUC, uttalt akkurat sånn at barnslege nordmenn på tur kan tøysa med at ein ikkje må driva og vifta med pengane). Denne summen tilsvarar rundt 500 kroner. Ein enkeltbillett kostar 50 øre. Det vil seia at jamt over fattige cubanarar stimlar til kinoane, om så berre for å nyta godt av klimaanlegget. Det verkar i overkant, så ekstra klede må ein rutinert nordmann på festival til ei kvar tid ha med seg. 30 grader ute og 16 grader inne er ein heftig overgang. Så idet eg skal til å hutra meg gjennom fransktalande Franois Ozons siste film, By the Grace of God, viser det seg at teksten er på spansk, trass i at han, som ein av svært få filmar, til og med er annonsert som engelskteksta. Og med det er det ut att i varmen før neste film.
Yara
Lukka står meg bi då eg går for å sjå meksikanske Workforce (regi: David Zonona). Filmen handlar om dei forferdelege kåra arbeidarane i Mexico by må leva med, og det viser seg at som med dei fleste filmfestivalar er det langt mellom feelgood-filmane og tett mellom sosialrealisme og generell deppestemning. Det ser ikkje ut til å skremma publikum. Salen er fullsett. Signalbygget og den mest sentrale av kinoane er Yara, som ligg midt i gate 23. Han er også mest sentral i overført tyding, då dette vert sett på som «termometeret på cubansk film». Kva mottaking filmen får av publikum her, kan vera avgjerande for suksessen.
Eg går på ein språkleg smell til same ettermiddag, då Olivier Assayas’ film om cubanske terroristar og fridomskjemaparar i 90-åra har visning her. Wasp Network er ein superkommersiell spenningsfilm med kjende skodespelarar som på ingen måte er frå Cuba, men det gjer visst ikkje noko at aksenten (ifølgje Håkon) er heilt ute og køyra. For min del går eg glipp av den stormande jubelen på slutten av filmen, då eg nok ein gong har forlate salen og sett meg på det som skal bli fast «søren, ikkje engelsk tekst»-plass, La Rampa Cafeteria.
23 y 12
Så er det duka for ein dag full av smellar, men denne gongen er det ikkje tekstinga det er noko gale med, men dei ganske utruleg dølle filmane dei har sett opp. Både chilenske Sanguinetti (regi: Christian Diaz Pardo) og argentinske La Deuda (Gjelda, regi: Gustavo Fontan) er klisjeaktige, langtekkelege spelefilmar. Høgdepunktet i fyrstnemnde er at publikum bryt ut i spontan latter når dei nemner Cuba som opplæringsland for chilenske terroristar. Det kjøper dei tydelegvis ikkje. Då er det langt meir gjevande å trekka inn i nok eit art deco-prakteksemplar langt nede i gate 23, til kinoen 23 y 12. Her viste dei dokumentaren Midnight Family (regi: Luke Lorentzon), om ein familie som driv privatambulanse i Mexico by. I ein by med 9 millionar innbyggjarar finst det 45 statsdrivne ambulansar, noko som har skapt grobotn for hard konkurranse blant dei private aktørane. Kontrasten til å koma ut i den varme Havanna-natta, der store, treige Chevroletar frå 50-åra eksosar nedover gata, kunne knapt vore større.
Charlie Chaplin
Den amerikanske påverknaden manifesterer seg sjølvsagt ikkje i filmutvalet på festivalen, men sjølve kinoane er i stor grad bygde i 30-åra av dei store Hollywood-selskapa som MGM og 20th Century Fox. På kinoen Charlie Chaplin viser dei Los Lobos (Ulvane, regi: Samuel Kishi Leopo), ein film som verkeleg får fram dei råe realitetane som møter dei mange meksikanarane som kryssar grensa til USA for å søka lukka. «We want to go Disney» er ei av setningane dei to smågutane lærer seg inne i leilegheita der dei lyt vera heile dagane mens mor jobbar på vaskeri. Likevel er det endeleg ein opplyftande film, då han får fram kva godt som ligg i menneska når alt kjem til alt. Takk og lov – det har vore nokre tunge dagar i den kalde kinolufta. På Chaplin ser eg også det som tydelegvis er ein publikumssuksess av dimensjonar. Argentinske El Cuente de Las Comadrejas (Røyskattsoga, regi: Juan Jose Campanella) får salen til å rista av latter av dei tre gamle gubbane som serverer den eine artige replikken etter den andre, mens den fallerte divaa Mara lever på gamal heider og ære. Akkurat denne filmen kunne godt vore teksta på spansk for min del.
Acapulco
Eit godt stykke å gå, langs den enorme gravplassen kalla Necropolis de Cristobal Colon – dødsbyen husar over 800.000 graver – og inn i eit område som kunne vore bakgrunnskulisse for ein Poirot-episode, ligg nok ei kinoperle, Acapulco. Og her viser dei den originale og (for min del) lærerike hustler-filmen Asi Hablo el Cambista (Pengevekslaren, regi: Federico Veiroj). Han tek for seg den pengeforhandlinga som gjekk føre seg i Urugyay og Argentina i 60- og 70-åra, og antihelten stiller seg sjølv i gjennomgåande dårleg lys utan at eg mistar sympatien med han.
Når dette går i trykken, er det framleis fem dagar att, så kåring av beste og verste film gjenstår. Det er heller ikkje umogleg at Håkon Tveit, som har sett mellom fire og fem filmar per dag, kjem til å vera ueinig med meg om kåringa.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.