Film
Inkje nytt frå skrekkfronten
Nyinnspelinga av De dødes tjern er overflatisk og overflødig.
Iben Akerli spelar same rolle som Henny Moan gjorde i si tid.
Foto: Canopy / SF Studios
Den populære romanen av André Bjerke har blitt filmatisert igjen. Nini Bull Robsahm får neppe same suksess som klassikaren Kåre Bergstrøm regisserte i 1958, sjølv om det ikkje er heilt fritt for lyspunkt i den mørke historia om ein gjeng på tur til eit idyllisk tjørn som trekker tungsinn til seg.
Tydeleg tale
Etter oppskrifta oppklårar samtalar i starten i klar tale kven dei ulike er, så vi veit at ein kar har ein podkast om det overnaturlege medan ein annan er ein strengt rasjonell psykolog. Nokre er danskar, av samproduksjonsårsaker som det ikkje passar seg å presisere på film, men som i førelegget snakkar vi om høgt utdanna unge skandinavar. Dei kan sin populærkultur og hintar hyppig til skumle filmar sidan sist soga blei celluloid, som Ondskapens hotell, The Evil Dead, Misery og The Blair Witch Project. Det blir mykje snakk, men sjeldan subtilt.
Klam kopi
Den komiske snerten frå 1958 har forsvunne i flat, forklarande dialog og uforklarleg kjekling. Komikarar og modellar garanterer ikkje godt skodespel. Slikt slit den nye De dødes tjern med. Iben Akerlie er betre i den tausare hovudrolla, og eit par nye variantar av henne som Henny Moan i nattkjole ved tjørn er nydeleg komponerte. Elles blir det mange enkle frampeik og brå lydar så ein skvett av snikande skuggar og skjulte vener. Røter og tjørelik væske frå tjørnet kjennest som standard skrekkestetikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.