JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ikkje godteri nok

Verken songane, historia eller snopet held mål i Wonka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Timothèe Chalamet i rolla som Willy Wonka.

Foto: Jaap Buittendijk / Warner Bros.

2967
20231208
2967
20231208

Familiefilm/Musikal

Regi: Paul King

Wonka

Med: Timothèe Chalamet, Calah Lane, Olivia Colman
Kinofilm

Ingenting betyr noko for unge Willy Wonka (Chalamet), anna enn å laga sjokolade. Pengar har han mindre av, så før han får sukk for seg, har han late seg lura opp i stry og gjeld av vertshusslemmingen fru Skrubitt (Colman). Saman med den vesle tenestejenta Nudel (Lane) og dei andre gjeldsslavane plottar Wonka ein plan for å ta over sjokoladekartellet i byen.

Knekkolade

Willy Wonka før han starta sjokoladefabrikken, er jo eigentleg eit strålande konsept. Alt det bra som Roald Dahl fantaserte opp, er alt der framme, så då er det berre å smørja på med spesialeffektar og kva som helst slags tynn historie og blanda inn alt det fantastiske frå Dahls univers.

Ja, og mens me er så godt i gang: Kvifor ikkje rett og slett putta inn nokre songar og dansesteg? Fordi resultatet blir deretter: overlest og klissesøtt. Difor. Akkurat denne kombinasjonen kan nok fungera for mange, særleg dei minste, men då må eg koma med min aller strengaste kritikk, nemleg at sjokoladen og godteriet ikkje ser godt nok ut.

Kva tid fekk du lyst å setta tennene i ein sjokolade som lagar knekkelyd? Sterk raudstrek i blokka mi for feilande lydbruk. Og flytande sjokolade må jo sjå passeleg tjukk og klissete ut for at ein skal drøyma om å symja i han, ikkje som jamt sølevatn. Dei blåe sukkerblomane ser mest ut som sånt etande pynt du finn på marsipankaker, og som du alltid blir skuffa over når du puttar i munnen. Nei, nei, nei! Wonka ville snudd seg i grava om han var ekte og daud.

Ikkje konge

Musikalar kjem aldri til å bli ein sjanger eg omfamnar, men det finst heiderlege unntak der eg blir gripen av slåande songskrivarkunst og rørt av opplagde triks som får tårekanalane i gang. Wonka er ikkje eit slikt unntak. Komponist Neil Hannon har sin bakgrunn i det kredible bandet The Divine Comedy, men overført til musikal funkar han dårleg her.

Eg hadde kanskje større forventningar til regissør Paul King, som tidlegare har levert dei to glatte, men fine familiefilmane om bjørnen Paddington. Han stod også bak The Mighty Boosh, ein absurd komiserie frå midten av 2000-talet. Eg vil på ingen måte seia han innfrir – særleg på det absurde.

Olivia Colman og den tøysete sparringspartnaren hennar er for så vidt morosame nok, det same kan ikkje seiast om dei andre som skal bera dei komiske rollene, til dømes Matt Lucas og Rowan Atkinson, som leverer teite replikkar på ein flat og uinspirert måte.

Filmen kjennest som at ein engelsk mince pie har blitt kverna om til ein amerikansk cup cake, ein av dei som ser fine ut, men ikkje smakar anna enn søtingsmiddel og tilsetningsstoff. Det spørst om Charlie hadde leita så heftig etter gullbilletten om fabrikken til Willy Wonka skulle laga skuffande snop.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis