Hyggje frå helvete
Det er smertefullt å sjå det ypparste av skandinavisk skrekkfilm.
Målet til regissør Christian Tafdrup var å lage «Danmarks mest ubehagelege film».
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilm / Thriller
Regi: Christian Tafdrup
Speak No Evil (Orig.tit.: Gæsterne)
Med: Morten Burian, Sidsel Siem Koch, Fedja van Huet
Kinofilm
Ein dansk kjernefamilie med mamma Louise (Siem Koch), pappa Bjørn (Burian) og dottera Agnes er på ferie i Toscana. Der er det god mat, drikke og musikk på den staselege garden dei vitjar. Stemninga stig når dei blir kjende med ein nederlandsk familie på tre der faren Patrick (van Huet) er ein livsglad kar utan den sosiale varsemda danskane ber på, sjølv om danskane hevdar å likne meir på nederlendarar enn på trauste, politisk korrekte svenskar.
Sonen Abel har ein snev av Damien frå Omen-filmane. Ei tid etter ferien inviterer dei nye vennane danskane på visitt. Familien køyrer ned til Nederland for nokre dagar. Kva er det verste som kan skje? Det blir sikkert ei hyggjeleg helg. Eller ikkje.
Sosial skrekk
Djupe blåsarar og sinte strykarar varslar dårleg stemning over idylliske bilete. Det er så drygt at det er morosamt snarare enn skummelt. Lyden ber bod om at dette er ein film som med glede utfordrar konvensjonar. Trass i merkelappen «grøssar» sklir det ikkje ut i kvepp og blodsprut med det første. Den sosiale angsten er derimot sterk. Patrick er ein hemningslaus sjarmør. Morten Burian og Sidsel Siem Koch er båe fortreffelege i rollene som danskar med trygt liv og fredeleg fasade som for alt i verda vil glatte over mogelege konfliktar.
Nokre av dei positive kritikkane filmen har hausta, har drege parallellar til Ruben Östlund, trass i at han aldri har laga skrekkfilm. Svensken er rågod til å få folk til å vri seg i kinosetet på grunn av sosialt pinlege situasjonar. Slikt finn vi òg i rik mon i Speak No Evil. Den engelske tittelen siktar til frykta for å snakke om det utrivelege. Det danske paret er fanga i sosiale reglar. Trongen til det høflege er sterk. Ein lyt halda familiefasaden. Uroa i samtalane kjennest ekte. Uvisse og gryande frykt glir galant over i kvarandre. Angsten smittar raskt gjennom lerretet.
Dansk dynamitt
Ein sveittar godt over uvissa om kva som er den største trusselen. Den sosiale angsten eller rare framande. Tvilen sit i heile vegen. Kan alt løyse seg? Det går neppe veldig bra for alle. Sjangeren slepper sjeldan publikum. Grepet er klamt og kvelande.
Regissør Christian Tafdrup skal ha hatt som mål å lage «Danmarks mest ubehagelege film». Etter dette kriteriet er Speak No Evil ein massiv suksess.
Eg får nesten dårleg samvit av det, men likar du god film, tilrår eg denne grufulle grøssaren.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.