Honnøretappen
Indiana Jones får ein verdig og underhaldande sorti etter gamal oppskrift.
Phoebe Waller-Bridge og Harrison Ford i den bokstaveleg tala siste Indiana Jones-filmen.
Foto: Jonathan Olley / Disney
Action/Eventyr
Regi: James Mangold
Indiana Jones and the Dial of Destiny
Med: Harrison Ford, Phoebe
Waller-Bridge, Mads Mikkelsen
Kinofilm
Indiana Jones (Ford) er i ferd med å bli lagd på hylla som pensjonist der han underviser i arkeologi i 1969, når guddottera Helena (Waller-Bridge) dukkar opp. Indy og far hennar kjempa mot tyske tjuveri av artefaktar under den andre verdskrigen i ei opningsscene som skodar tilbake.
Etter månelandinga dukkar ein gamal nazist (Mikkelsen) opp på jakt etter Antikythera-mekanismen til Arkimedes for å reise tilbake i tid og vinne krigen. Helena vil helst selje til høgstbydande, om ein berre får samla dei to delane. Indiana Jones lyt plukke opp hatten for eit siste tokt.
Forbodet mot nye idear i Hollywood held fram, men når James Mangold tar over stafettpinnen frå Steven Spielberg, er det for ein siste dans, om vi skal tru Disney. Mangold held seg til oppskrifta, men unngår nokre av dei verste fallgruvene frå gamalt av og blir neppe ståande som eit klart feilskjer på line med The Kingdom of the Crystal Skull frå 2008.
Vinnaroppskrift
Usannsynlege actionscener underheld med jamne mellomrom. Ei spinnvill biljakt i tuk-tuk gjennom tronge smug i Tanger er kjekk nok til at eg blir litt skuffa over at dei ikkje gjer like mykje ut av ein Fiat 500 i sicilianske gater.
Ingen kan stå imot det vidgjetne musikktemaet av legenda John Williams, som har akkompagnert alle filmane om Indiana Jones. Det står perfekt til kvar positive vending i ei kampscene. Etter alle møte med ein av filmane, nynnar ein på den same snutten i vekevis.
Tradisjonen med ei raud stripe strekt over kart under kvar flytur til fjerne strok høyrer heime. Kamera veit å streife over eit esel her, nokre kamelar der eller ein flott flokk geiter. Ekle dyr i tronge hòler er med.
Dei karikerte skurkane dukkar alltid opp når heltane treng det minst. For å halde på tradisjonane burde gamle Ford flyge under ein steinport som smekkar att. Det manglar diverre.
Siste krosstog
Det er lite nytt frå nazistfronten, med danske Mikkelsen som tulletyskar. Orientalismen er òg immer dabei, sjølv om han er mildare enn dei meir skammelege sekvensane frå åttitalet. Ein sjalu marokkansk mafiaarving er ikkje vittig.
Vi får gledeleg gjensyn med den egyptiske kameraten Sallah, som i likskap med i åttitalsfilmane er spelt av walisiske John Rhys-Davies. Å sjå Karen Allen igjen som Marion frå den første filmen er direkte rørande.
Åttiåringen Harrison Ford er utstyrt med ein grei dose geriatrisk sjølvinnsikt og det han treng av heilt urealistisk flaks i møte med muskelmenn, avgrunnar og brennande fly. Phoebe Waller-Bridge viste komisk talent i serien Fleabag og passar perfekt som Helena. Ho er ei frisk oppgradering av den frekke Marion frå Jakten på den forsvunne skatten (1981).
Samanlikna med den idiotisk hysteriske kvinnefiguren i Indiana Jones og de fordømtes tempel (1984) og den teite svikefulle varianten i Indiana Jones og det siste korstoget (1989) er dette eit verdig steg i rett retning for det historisk pinlege kvinnesynet i Indiana Jones-universet. I dynamikken mellom energiske og opportunistiske Helena og den seige og nostalgiske Indiana finn ein noko fornuft.
«Bli i di tid», seier Helena. Det gjeld kanskje sjølve filmideen. Når Helena i innleiinga argumenterer for at Indiana skal gå ut med ein smell, er han ikkje imponert. At alle høyrer at det er ein dårleg idé, verkar overførbart til tanken på ein ny Indiana Jones-film no.
Trass i at dette var ei kjekk kinooppleving, håpar eg at kua heller blir mjølka vidare på strøymetenester enn å stele plass på kino. No kan vi seie ein varm takk for alt til den klassiske kinohelten Indiana Jones.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.