Homokamp på kammerset – og i gata
Rått, realistisk og utmattande portrett av aidsaktivisme i nittitalets Paris.
Gruppa ACT UP Paris demonstrerer mot måten politikarane handterer aidsepidemien på.
Foto: Céline Nieszawer / Arthaus
Drama
Regi: Robin Campillo
120 slag i minuttet (orig.tittel: 120 battements par minute)
Med: Nahuel Pérez, Sean Biscayart, Arnaud Valois, Adéle Haenel
Paris, tidleg på 90-talet: Ei hivsmitta aktivistgruppe stormar eit regjeringsmøte og ber politikarane svare for den svake handteringa av aidsepidemien. Konfrontasjonen tar ei dramatisk vending, og filmen hoppar til gruppemøtet i etterkant. Gruppa kallar seg ACT UP Paris, og intens diskusjon følger. Var det rett å dra provokasjonen så langt? Korleis kan vi best bli høyrde? Har media skrive om hendinga?
Her er filmskapar Robin Campillo på sitt beste. Han var sjølv ein del av ACT UP-miljøet, men gir meir til scenene enn personleg røynsle. Han gir dei konflikt, framdrift og liv. Nett som han gjorde då han skreiv manuset til den prisvinnande Klassen (2008), der samtalen mellom ein lærar og elevane i eit klasserom er heile historia.
120 slag i minuttet har også mikroperspektivet som metode, men med meir rørsle: Rollefigurane flyttar seg frå møterom til offentlege protestar, frå homoparadar til nattklubben, frå interne konfliktar i gruppa til samhaldet ved sjukesenga.
Om Campillo er ein sterk manusforfattar, har han større problem med regien: Filmen klokkar inn på 140 minutt, og det er for langt. Mikroperspektivet bit også Campillo i halen: kjensla av storsamfunnet rundt gruppa er så å seie fråverande. Det er denne ytre underteksten – korleis samfunnet, politikarane såg på aids – Campillo tar for gitt. Han vender seg i staden mot ei kjærleikshistorie mellom Sean og Nathan (Valoiss). Han vender tilbake til møterommet, nattklubben og gatedemonstrasjonane. 120 slag i minuttet slår og slår, om det så går på tomgang.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.