Film

Homo ludens

Trass i eit tungt tema er Elsk, nyt – og løp for livet! omtrent så oppløftande som tittelen tilseier.

Dei tre hovudpersonane, altså forfattaren, ungguten og den seksuelt frustrerte naboen, dannar ein triveleg, masete og raus trekant, skriv Brit Aksnes.
Dei tre hovudpersonane, altså forfattaren, ungguten og den seksuelt frustrerte naboen, dannar ein triveleg, masete og raus trekant, skriv Brit Aksnes.

Drama

Regi: Christophe Honoré

Elsk, nyt – og løp for livet! (Orig. tittel: Plaire, aimer et courir vite)

Med: Pierre Deladonchamps, Vincent Lacoste, Denis Podalydès

Paris, 1993: Den semiberømte forfattaren Jacques Tondelli (Deladonchamps) prøver å leva eit relativt sutlaust liv trass i at han er hivpositiv. Stemninga i byen er ei blanding av svak optimisme til ny medisin og ein desperasjon etter å halda på den dekadente stemninga som framleis heng i frå åttitalet. I Bretagne treffer han litteraturstudenten og nyleg ut-av-skåpet Arthur (Lacoste). Forholdet deira dannar eit nytt kapittel i den boka han sjølv ikkje styrer, nemleg livet.

ACT UP

Det har kome fleire filmar dei siste åra som ser tilbake på korleis folk vart påverka då aids melde seg for alvor i midten av åttiåra. Samanfallande med meir liberale haldningar i samfunnet kom sjukdommen som igjen stempla tusenvis av menneske – homofile menn var overrepresenterte i den vestlege statistikken. Den siste filmen eg såg med same tema og sett i same by, var fjorårets 120 BPM, som tok for seg aktivismen bak ACT UP, ein internasjonal organisasjon som kjempa for rettane til hivsmitta homofile i byrjinga av nittiåra. Som tittelen tilseier, går det i Elsk, nyt – og løp for livet! meir ut på at livet skjer utanom demonstrasjonstog, og korleis kan ein takla døden som kanskje skal koma, meir sannsynleg før enn seinare? Ein kan jo prøva nyta og elska. Om det hjelper å springa, vil berre tida visa.

Spring i veg

Eg hugsar ein gong far min sa kor glad han var for at han ikkje hadde måtta vera ungdom då aids var ein trugsel. Trass i at me i stor grad knytte sjukdommen til homofili og/eller Afrika, var det jo faktisk ei ganske stor greie også for meg som heterofil, kvit kvinne. Men å leva så tett på det, slik dokumentarar som We Were Here (2011) og How To Survive a Plague (2012) viser, gjer at ein skjønar kor skjerma ein har vore for ein slags nyare tids svartedauden. Medisin har heldigvis forbetra livet og livsutsiktene til hivsmitta i dag. I ettertid fortonar det seg som eit sjansespel – var du den heldige som klarte deg lenge nok til at forskinga og legemiddelselskapa kunne hjelpa deg? Det er etter mitt syn det mest interessante og gripande med Elsk, nyt – og løp for livet!.

Sympatisk masing

Kan ein laga ein feelgood-film om aids? Eg synest regissør og manusforfattar Christophe Honoré har gjort eit godt forsøk på akkurat det. Her er det befriande mange ukompliserte stemnemøte i mørke bakgater og sympatisk promiskuitet utan formanande åtvaringar og hovudristing.

Dei tre hovudpersonane, altså forfattaren, ungguten og den seksuelt frustrerte naboen Mathieu (Podalydès), dannar ein triveleg, masete og raus trekant som etter kvart blir hovudtemaet for filmen: venskap, eit poeng som det tek litt tid å få fram. Aldersforskjellen dei tre imellom kunne vore endå meir poengtert, då dei i lyset av aids har tre vidt ulike innfallsvinklar til ungdom, middelalder og alderdom.

Men så sit eg i ettertid og tenkjer på desse punkta, så då har det jo sige inn til slutt. Du kan godt ha det i bakhovudet når du går og ser Elsk, nyt – og løp for livet! Og det synest eg du skal.