Høgspent judokamp
Iransk politikk og internasjonal idrett skapar sitrande spenning i Tatami.
Leila (Arienne Mandi) er på det iranske i judolandslaget i VM i 2019, men den viktigaste kampen i denne filmen skjer utanfor matta.
Foto: Juda Khatia Psuturi / Another World Entertainment
Drama
Regi: Zar Amir Ebrahimi, Guy Nattiv
Tatami
Med: Arienne Mandi, Zar Amir Ebrahimi, Jamie Ray Newman
Kinofilm
Det iranske judolandslaget for kvinner kjem til Tbilisi i Georgia for å delta i VM i 2019. Leila (Mandi) kan ta gull. Trenaren Maryam (Ebrahimi) verkar nervøs. I kulissane lurer lumske menn som har ordre frå Ali Khamenei om å få Leila til å spele skadd, i tilfelle ho må møte ei israelsk utøvar. Familien hennar heime i Iran feirar kvar kamp, medan spenninga stig politisk og sportsleg.
Lagsport
Regissørane Zar Amir Ebrahimi og Guy Nattiv har sydd saman ein stram og intenst spennande film. Ein skjønar fort at valet av smalformat og svart-kvitt har ein funksjon i lag med kjapp klipp og nærgåande, ustabilt kamera. Klaustrofobien, uvissa og truslane frå skuggar, tribunar og telefonar er kvelande. Blandinga av politisk spel og idrettsdrama fungerer glitrande. Det er likevel ingen tvil om at den viktigaste kampen skjer utanfor tatamien, altså matta. Eg held pusten etter kvart som innsats og risiko aukar.
Iransk-chilenske Arienne Mandi fortener medalje for hovudrolla. Ho har fysikken og intensiteten i blikket, med blanding av raseri, frykt og trass. I rolla som Maryam får Zar Amir Ebrahimi den mest komplekse rolla, i skvis mellom ein brutal stat og stønad til idrettsutøvaren med fridomstrong. Stjerna frå Holy Spider (2022) får på framifrå vis fram dei vekslande kjenslene. Det er ikkje sikkert kven Maryam skal vere lojal mot.
Amir Ebrahimi er like sterk i skodespel som i regigrep. Regien deler iranaren med israelske Guy Nattiv, som sist stod for trauste Golda (2023). Medforfattar Elham Erfani spelar jamvel assistenttrenar. Ho skal ha sin del av æra for effektiv forteljing og rike perspektiv.
Kamplyst
Tatami er ein fiksjonsfilm, men det finst nok av historier som minner om dramaet rundt Leila. To eksempel er judoutøvar Saeid Mollaei og taekwondostjerna Kimia Alizadeh, som båe hoppa av frå Iran. Tallause fleire tilfelle er mindre kjende, men nokre minnest sikkert truslane mot det iranske landslaget i fotball under VM i Qatar under protestane i heimlandet.
Tatami levnar ingen tvil om viljen og evna iranske styresmakter har til å kue iranarar også utanfor landet, og å bruke truslar mot familiar i heimlandet for å øve psykologisk press. Ein kjenner dei klamme hendene til regimet i kvar scene. Filmen hyllar rebelske iranarar, men fungerer òg utmerkt som politisk spenningsfilm. Slikt engasjerer. Eg får lyst til å skrike «kvinne, liv, fridom».
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø