Film
Hjelp, vi er på toget!
Brad Pitt får ikkje full effekt av det komiske talentet sitt i ein frenetisk actionkomedie.
Brad Pitt i actionkomedien Bullet Train.
Foto: Filmweb
Ein munter kar med kodenamnet Ladybug (Pitt) går på eit tog i Tokyo. Oppgåva frå stemma i øyrepluggen er å hente ein stresskoffert. Etter sinnemeistringskurs er han ein fredsæl leigemordar som vil løyse konfliktar med diplomati. Det er til lite hjelp. Eit blodbad ventar.
Gladvald
Det haglar med tilbakeblikk og forklaringar på kven som er kven. Ein zensøkjande Brad Pitt i bøttehatt må snike til seg kofferten frå brørne Tangerine og Lemon (Taylor-Johnson og Henry), som freistar redde sonen til den mystiske skurken Kvitedauden. Samstundes truar den utspekulerte Prince (King) ein mann som vil hemne seg for at ho skubba sonen av eit tak. Fleire har makabre mål for togturen. Det er mykje å halde styr på.
Deadpool-regissøren David Leitch leikar med klisjear, anten dei er knytte til organisert kriminalitet i Mexico eller i Japan. Filmen omfamnar overdrivingar. Her ligg mykje av humoren. Sjølv smiler eg ikkje ofte nok, men det finst artige kommentarar og småvittig slapstick bakom blodspruten. Poenget er ikkje å leve seg inn i historia, men å ha det kjekt på vegen.
Pengegaloppen
Ein anar hint til Quentin Tarantino, tidleg Guy Ritchie, Snakes on a Plane og Train to Busan. Lokomotivet Thomas og vennene hans er vigde ein sentral plass. Dei spektakulært påkosta actionsekvensane er intense. Her er det gjort eit nitid arbeid for ein heisatur i kinosalen. Dei har hanka inn ei rekkje hitlåtar og tatt seg råd til Sandra Bullock, Ryan Reynolds og Michael Shannon i mikroroller.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.