Historia som tragedie og farse
Ei rettssak blir nok eit døme på regissørens hang til teatralsk dialog.
Sacha Baron Cohen som Abbie Hoffman og Jeremy Strong som Jerry Rubin i filmen.
Foto: Niko Tavernise / Netflix
DRAMA
Regi: Aaron Sorkin
The Trial of The
Chicago 7
Med: Sascha Baron Cohen, Eddie Redmayne, Mark Rylance
Æra jury. Innleiingsvis vil eg legge vekt på at dette påkosta rettssalsdramaet har det som skal til for å gå fri. Eit stjernelag av skodespelarar, ein tiljubla manusforfattar, ei historisk og viktig politisk-juridisk hending med overføringsverdi til vår tid. Likevel mislukkast The Trial of The Chicago 7.
Året er 1968, og USA fører ein stadig meir meiningslaus krig i Vietnam. Den antiautoritære tidsånda blæs over etablissementet. Før landsmøtet til demokratane i Chicago i Illinois bryt det ut opptøyar mellom politiet og den motkulturelle antikrigsrørsla. Åtte menn blir peika ut som syndebukkar og tiltalte for konspirasjonar og agitering.
Manusforfattar og regissør Aaron Sorkin (A Few Good Men, West Wing, The Social Network) er kjend for snertne replikkar og dialogdrivne «walk and talk»-drama. Det har også noko skjematisk over seg, som om forma dikterer for mykje av innhaldet. Etter ein hektisk nyheitsliknande opningsmontasje, der Sorkin presenterer hovudpersonane og den politiske konteksten, klipper han til rettssalen.
Dei to mest tonegjevande tiltalte er hippieprofeten Abbie Hoffman (Baron Cohen) og den meir saklege Thomas Hayden (Redmayne). Advokaten William Kunstler (Rylance) held dei samla, mens den aldrande dommaren Julius Hoffman (Frank Langella) alt har bestemt seg for utfallet.
Dialektikken mellom desse fire er motoren i forteljinga. Det er her den Sorkinske dialogen blir til handling, mykje takka vere skodespelarane, Rylance og Langella især.
Problemet oppstår når Sorkin skal vere regissør. Den stadige attendeskodinga til opptakta og arrestasjonen av dei tiltalte, tener ikkje forteljinga i særleg grad. Særleg når han tar seg fridomen til å leike med historia for eiga dramaturgisk vinning. Den mest bisarre (og berømte) situasjonen – den fysiske kneblinga av Black Panther-leiaren Bobby Seale – er i Sorkins univers både pompøs og underutvikla. Kan du puste, spør nokon i salen, med openberr referanse til George Floyd.
Scena er meint som eit nikk til vår eiga (rasedelte) tid, men Sorkin underspeler kortet. Seale forsvinn ut av handlinga. I staden vil Sorkin fortelje ei meir hollywoodsk sentimental forteljing om liberal rettferd. Ein liten kikk på USA anno 2020 vitnar om det motsette.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Problemet oppstår når Sorkin skal vere regissør.
Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»