Hemmelege heltar
Historia om nettverket for abortar i Chicago for femti år sidan er lærerik og deprimerande aktuell.
Dokumentarfilmen om The Janes inneheld arkivfoto som gjev eit godt tidsbilete.
Foto: HBO MAX
Dokumentar
Regi: Tia Lessin og Emma Pildes
The Janes
Med: Heather Booth, Laura Kaplan, Marie Leaner
Film på HBO Max
The Janes er historia om eit kriminelt nettverk som dreiv organiserte lovbrot i stor skala i Chicago frå 1969 til 1973. Elleve tusen lovbrot. Eller, som ei av «the Janes» seier, dei var vanlege kvinner som berga livet til kvinner. Slikt likte ikkje styresmaktene.
Systemet
I helsevesenet møtte kvinner ein mur av mannlege legar. Kvinner hadde skrint med rettar. Gjengen som blei Jane-kollektivet, utførte trygge, ulovlege abortar utan legeutdanning. Geriljaverksemda kravde at dei bytte hus flittig, at dei kunne setje opp ein ny operasjonsarena på eit kvarter og så forsvinne på fem minutt. Dei var imponerande. Dramatikken gjev eit snev av krim.
I forma er The Janes ein ordinær fjernsynsdokumentar med snakkande hovud, arkivbilete og dramatisk musikk. Innanfor dei rammene er filmen solid. I tillegg til sentrale aktørar i rørsla som mimrar ope og ærleg, har regissørane Tia Lessin og Emma Pildes fått med ein kar som lenge gjorde operasjonane for dei. Han gjorde det for pengane, men i motsetnad til mange andre nytta han ikkje høvet til overgrep.
Tida
Intervjuet med ein politimann som motvillig var med då dei gjekk til aksjon mot gruppa og fengsla dei, er også eit interessant perspektiv. Gamle bilete av dei som fører ordet, gjev idear om korleis dei var, og dei mange arkivopptaka frå tida bidreg til tidsbiletet.
Filmen syner korleis USA var prega av politivald mot borgarrettskamp og rørsla mot krigen i Vietnam. Båe var ekstremt mannsdominerte. The Janes er nyansert på ulikskap i kvar kamp. Klasse er avgjerande i abortspørsmål.
Då lovene opna for abort i New York, blei skilnaden på kvite universitetsfolk og fattige av ymse fargar større. I 1973 slo høgsterett fast retten til abort nasjonalt. Kvinnene kunne vie livet til anna.
The Janes er ein interessant historietime. Helst skulle han ha vore mykje, mykje mindre dagsaktuell. Kvinner døyr framleis fordi dei er kvinner. Abortlovene er bestialske i mange land, og i USA er det omkamp. Difor bør folk sjå denne dokumentarfilmen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

The Janes er ein interessant historietime.
Håkon Tveit
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.