JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Hekser og håravfall

Ein treng litt Agatha Christie skal det verta ei fullgod påske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Serien er i tre episodar og startar skjærtorsdag på TV 2.

2265
20200403
2265
20200403

Serie

Agatha Christie:

Den fjerde rytter (orig.tittel: The Pale Horse)

Regi: Leonora Lonsdale
Med: Rufus Sewell, Kaya Scodelario, Bertie Carvel, Georgina Campbell

Mark Easterbrook (Sewell) er djupt nedfor etter at kona døydde brått. Eit forhasta nytt ekteskap har ikkje gjort han noko lukkelegare. Etter at han finn «gledespiken» Tommy død etter ei natts sidesprang, vert saker og ting meir og meir mystiske, då ho deler lagnad med ei anna kvinne. Har ho vorte forheksa? Og er han neste på lista?

Trygg spenning

Paradoksalt er det noko tidlaust over dei veldig tidstypiske TV-produksjonane av Agatha Christies kriminalromanar. Dei elegante linjene i tallause art deco-godbitar går att frå ganske tidlege Poirot-filmatiseringar, særleg kjente med David Suchet i hovudrolla sidan 1989. Den fjerde rytter er på ingen måte noko unntak, sjølv om romanen vart skriven i 1961 og såleis representerer ein annan tidsepoke enn interiøret alltid gjenspeglar. Her finst heller ikkje ein helt som løyser mysteriet, men dette kjem helst av ei omskriving av romanen, utan at det skader forteljinga i dette tilfellet. Rufus Sewell er midt i blinken som samansett antihelt, skiftande mellom kald kynisme og djup hjartesorg. Slik sett er det ei rad heldige kreative fridomar manusforfattaren Sarah Phelps har teke seg.

Stygge tenner

Kanskje på grunn av ein oppvekst der påskekrimmen stort sett gjekk i inspektør Adam Dalgliesh-mysterium ført i pennen av ei anna britisk krimdronning, P.D. James, så likar eg dei enkle plotta med lik som lagar lite bråk og tilsynelatande uskuldige menneske som har noko i gjære. At minst éin av karakterane har veldig stygge tenner, på grensa til det parodiske, må ein nesten berre ta med i reknestykket. Det kan til tider framstå noko overtydeleg, at ting vert gjentekne litt ofte, til og med for ein litt treg detektiv som meg sjølv. Men så er det også ein del intrikate lause trådar som skal nøstast opp, så nokre påminnarar tåler vi. Alt i alt, Den fjerde rytter held nok på spenninga og elegansen til at eg kjenner på den gode påskestemninga som berre eit godt mord kan syta for.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis