Film

Heilt grei grøssar

Svensk skrekk lit på lydar og standardgrep, men Dilan Gwyn spelar godt.

Shirin (Dilan Gwyn) med stesonen Lukas (Eddie Eriksson Dominguez), som snakkar gjennom veggen i rekkehuset.
Shirin (Dilan Gwyn) med stesonen Lukas (Eddie Eriksson Dominguez), som snakkar gjennom veggen i rekkehuset.
Publisert

Shirin (Gwyn) flyttar med kjærasten Fredrik (Wahlgren) og son hans Lukas inn i ein draum av eit middelklasserekkehus der naboeininga står tom. Lukas skuler stygt på mørket. Ei dame på leikeplassen sperrar opp augo når ho høyrer kor dei bur.

Brått bråk

Dugande Dilan Gwyn i hovudrolla balanserer famlinga som ny familiemedlem med gryande frykt for kven Lukas snakkar med gjennom veggen. Femåringen liknar ein kitschgut måla av Bragolin med ei tåre på kinnet. Han ser daude folk. At faren er på jobb heile veka, krev sitt av dei to andre, men er bra for filmen, som blir snakkesalig når han blandar seg inn. Lydane er generelt for mykje. Grøssa kviler på at brå lydar gjer at ein kvepp. Lite nytt der.

Lange skuggar

Andre siden har fleire element med lang fartstid i skrekksjangeren. Folk bør helst ikkje seia «vent her». Elles har vi dører som smell, born i gangen, skuggeskapningar bak ryggen og skumle figurar som kravlar kjapt med forvrengd kroppsstilling. Ekkelt er det. Den visuelle stilen ser ut til å sikte mot nordisk noir, med kaldt ljos og mykje mørke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement