Film
Hei Hitler
Regissør Taika Waititi er meisteren av alvorleg tøys.

Ti år gamle Jojo (Davis) er ein ihuga ung nazist med ein interessant liksomven, nemleg Hitler sjølv (Waititi). Då det viser seg at mor hennar (Johansson) gøymer den jødiske jenta Elsa (McKenzie) på loftet, får Jojo seg eit par dilemma.
Småsprøtt
Taika Waititi lagar rare, småsprø komediar, og Jojo Rabbit er ikkje noko unntak. Hitler har vore harselert med før, heilt frå Charlie Chaplins fenomenale satire Den store diktatoren (1940) (1940!). I Taika Waititis tullete versjon er han nesten sjarmerande. Det same gjeld vesle Jojo, lysluggen som berre vil gjera ein god jobb som barnesoldat og drepa så mange jødar som råd er. Og utan å vera såpass utilslørt og dryg ville ikkje filmen fungert.
Waititi er sjølv halvt jødisk, noko som kanskje har vore ei drivkraft, for Jojo Rabbit er på mange måtar eit klart rop om å vakna til den antisemittismen som ser ut til å på ny få fotfeste. Og kor latterleg er vel ikkje det?
Kritikk
Det er ikkje djup og avansert kritikk her, det er meir i form av du må vera heilt forbanna idiot for ikkje å sjå kor feil dette er. Men dei skrekkbileta som vart presenterte for å hjernevaska tyske ungar, har ein gong utruleg nok eksistert, og eit heilt folk gjekk på. Det er heilt greitt å le av dette i ettertid, så lenge me hugsar på kva noverande fenomen Waititi faktisk peikar på.
Det er alltid noko søtt og truskuldig over filmane hans; sprelsk er eit slite uttrykk, men eg synest ordet passar Waititi. Kryssklippinga av tribunar som hyllar Hitler med lydsporet av The Beatles’ «Komm, gib mir deine Hand» er morosam, vakker og trist på ein gong. Noko som i grunnen oppsummerer Jojo Rabbit i det heile.