Film

Haldepunkta

Mange institusjonar finn nye former i desse dagar. Vonleg vil dei vare i fleire former.

Andrine Sæther og Andrea Bræin Hovig i den nyaste filmen til Dag Johan Haugerud.
Andrine Sæther og Andrea Bræin Hovig i den nyaste filmen til Dag Johan Haugerud.
Publisert

Videosjappene døydde for nokre år sidan, utan teikn til virus. Sjølv om ein ikkje får slå av ein prat med greie tilsette, kan du framleis leige ein film du gjekk glipp av på kino for eit halvt år sidan for under ein femtilapp. SF Anytime, Blockbuster, YouTube og Google Play er opne døgnet rundt. Alle har Håp i «hylla» si. Denne fokuserte og forrykande sterke filmen av Maria Sødahl er eit engasjerande studium i korleis sjukdom kan prege ein familie. Einar Økland gjer sin debut som filmskodespelar og vitnar om eit talent eg vonar vi får sjå meir på film framover, etter at han fylte åtti år i år. Økland har selskap med alltid solide Stellan Skarsgård, men båe hamnar i skuggen av ei kraftfull hovudrolle av Andrea Bræin Hovig.

Biblioteket

Andrea Bræin Hovig har blitt ein institusjon i seg sjølv. Ho er kanskje den beste skodespelaren vi har no. Du finn henne òg på filmsida til biblioteka, sjølv om dei har stengt lokala sine. Filmbib.no har ei lang liste av filmar du kan sjå med lånekort, spesielt norske kortfilmar og dokumentarar. Der kan du sjå ein film som berre inneber at Andrea Bræin Hovig snakkar til kamera. Det gjer ho så klart med bravur. Det er meg du vil ha er ein glitrande film. Om skodespelaren er einaren i norsk film no, er filmskapar Dag Johan Haugerud definitivt med i dragkampen om å vere fremst blant regissørane våre. Etter denne friske og stramme saka tok det fem år før vi fekk meisterlege Barn i fjor, tett følgd av finfine Lyset fra sjokoladefabrikken i år.

Journalistikken

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement