Film

Hackerspettpatruljen på eventyr

Ein uoriginal tittel viser seg å passa godt til denne uoriginale filmen.

Rumle Kærså og Josephine Højbjerg spelar hovudrollene i den danske filmen.
Rumle Kærså og Josephine Højbjerg spelar hovudrollene i den danske filmen.

Krimdrama

Regi: Poul Berg

Hacker

Med: Rumle Kærså, Josephine Højbjerg, Signe Egholm Olsen

Mor til Benjamin (Kærså) forsvinn då han er seks år gamal. Ho sit på høgteknologisk informasjon som gjer at ho utgjer ein fare – men for kven? Benjamin bur på barneheim og brukar fritida på hacking og speling. Ein dag dukkar Savannah (Højbjerg) opp, og det same gjer den sakna mora.

Hacker verkar for barnsleg til å appellera til dei ungdommane han nesten må vera meint for. Særleg den norske dubbinga frå dansk gjer at det får eit barne-TV-preg som eg aldri vil tru ein fjortenåring kjøper. Samtidig har dei lagt inn akkurat vakse nok vokabular til at det må gå over hovudet på tiåringane. Kanskje det ikkje gjer noko?

Men kor gamal må du vera for å himla med auga over innlysande opplagde saker som at ein minnepinne kan gå uoppdaga inn i den berbare PC-en til læraren? Ein lastebil med ein pirat i logoen er vel heller ikkje eit subtilt grep når det er snakk om piratverksemd frå starten. Det heile verkar som eit forsøk på å vera «ung» og «hipp» i staden for å vera hipp for ungdommen.

Det mest spennande med Hacker er at ein kan ikkje veta kven ein kan stola på. Dei som fyrst verkar innlysande slemme, viser seg kanskje ikkje å vera så slemme likevel, eller til og med akkurat så slemme som ein trur. Men så har dei blanda inn noko underleg konspiratoriske greier som verkar nesten tilfeldig kasta inn, midt oppi det elles ganske konvensjonelle plottet.

Filmen vert skjemd av alle desse ubestemmelege grepa. Det flyt ikkje, Hacker hakkar – litt som eit modem frå slutten av nittitalet.