Hææælleluja
Sanneleg, det seier eg dykk – Aretha kunne synga. Og tru på Jesus.
Aretha Franklin spelte inn tidenes mest selte gospelalbum i 1972.
Foto: Arthaus
Dokumentar/konsertfilm
Regi: Alan Elliott, Sydney Pollack
Amazing Grace
Med: Aretha Franklin, pastor James Cleveland
I 1972 bestemte Aretha Franklin seg for å spela inn den kristne musikken ho vaks opp med. På denne tida hadde ho allereie hatt elleve toppsinglar på rad, inkludert «Respect» og «You make me feel like a natural woman». Til å framføra songane fekk ho med seg familieven og pastor Cleveland i New Temple Missionary Baptist Church i Los Angeles og Southern California Community Choir. Det skulle ta 45 år før dei mange filmopptaka av hendinga vart sette saman. Amazing Grace vart og er uansett tidenes mest selte gospelalbum.
Ikkje bakom teppet
Konsertfilmar er oftast for dei spesielt interesserte, og sjølv om Amazing Grace byr på nokre fantastiske tidsbilete og nokre nydelege musikalske sekvensar, skal du helst vera skikkeleg glad i gospelmusikk for å verkeleg setja pris på nitti minuttar Jesus-hylling. Forventar du ein behind the scenes-film, vert du skuffa. Det er knapt noko anna enn klypp frå dei to konsertane som til saman utgjer filmen, ingenting saftig som skjer i kulissane, ingen som ser tilbake, ingen arkivklipp frå Franklins allereie eventyrlege karriere. Det same som gjer at eg ikkje klarar verta heilt fengd, er også styrken til filmen: Musikken er hovudfokus. Ærleg, ufiltrert og eg ville nær sagt uredigert, men det er jo nettopp den stramme, saumlause redigeringa som gjer at det står fram heilskapeleg og ryddig trass i ei kjensle av spontan og ektefølt liveframføring.
Wholly holy
Å sjå dei medrivne fjesa til både publikum og koret vekkjer ei slags Jesus-misunning – tenk å tru så inderleg! Men mest tenkjer eg at det verkeleg ikkje er vetug, så intenst som dei diggar religionen sin. Eg forstår kvifor ymse norske gospelkor med kvite, blankauga vestkantungdomar dukka opp i åttiåra, og eg forstår kvifor eg synest det var å ulideleg å sjå på. Det er noko transeaktig over den blinde tilbedinga som gjer at eg liksom blir skuffa over Aretha. Men så var det no grunna denne religiøse overtydinga at ho vart artist, så irritasjonen min fell på ein måte på steingrunn. Mange klarar nok uansett å heva seg over dette og berre ta inn røysta til denne naturbenåda songstjerna. Dei som går og ser filmen, kan då sjå fram til den mest utdregne versjonen av «Amazing Grace» eg nokosinne har høyrt. Den vesle resten av tolmodet mitt gjekk med her. Har du sagt A, får du seia mazing grace.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er noko transeaktig over den blinde tilbedinga som gjer at eg liksom blir skuffa over Aretha.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement