Film
Guten og guden
Her er ei ugild hylling av ein vedunderleg drivande dokumentarfilm om sjølvaste Diego Maradona.
Maradona på veg inn til kamp på Sao Paolo stadion.
Foto: Alfredo Capozzi
Lytt til artikkelen:
Eg har elska Diego Armando Maradona sidan eg var åtte år og i Italia under VM i fotball i 1986. Kjærleik gjer blind, og alle skavankane og skandalane til den største fotballspelaren i verdshistoria svekkjer ikkje kjensla. Eg er endelaust positiv til denne filmen. At Asif Kapadia er regissør, haussar opp forventingane meir. Han er den i vår tid som best handsamar arkivmateriale om superstjerner for å laga engasjerande dokumentarfilmar.
Å skape film
For dei som har sett dokumentarfilmane Kapadia har laga om soulsongaren Amy Winehouse og Formel 1-fenomenet Ayrton Senna, er Diego Maradona meir av det same. Godt er det. Vi får eineståande arkivmateriale utan forteljarstemme, tilsett nokre relevante intervju. Frå første sekund rasar filmen av garde. Opningsscena er intens. Ein bil med Maradona fer i full fart gjennom napolitanske gater mot velkomsten på San Paolo stadion femte juli i 1984. Scena er Senna verdig. Samstundes passerer karrieren fram til denne dagen hektisk revy: fattig barndom, Argentinos Juniors, Boca Juniors, Barcelona og eit VM. Alt på få minutt. Så kjem to timar om tida i Napoli, inkludert VM i 1986, ei todelt tid og strålande sigrar og nitriste nedturar. Tiåra etter Napoli får nokre minutt til slutt. Til saman blir det to timar og ni minutt som fyk unna. Filmskaparen har tatt radikale, modige og gode val.
Då Emir Kusturica laga Maradona, tenkte at han at verdas beste subjekt gjorde regi overflødig. Filmen blei ei samling scener med gode venner der Kusturica solar seg i glansen av Diego og får festa eit par herlege seansar på film. Kunst er det ikkje. Kapadia, derimot, held strukturen stramt i taumane. At Maradona føretekkjer kameratfilmen, talar Kapadia si sak.
Ikaros i dag
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.