Film

Grisekrise og Gucci

Det moderne Kina kjem under lupa i ein kjekk og flott film.

Filmen blir vist på strøymetenesta Mubi.
Filmen blir vist på strøymetenesta Mubi.
Publisert

Til kinesisk nyår sist helg sleppte den staselege strøymesida Mubi satiren Dead Pigs av Cathy Yan. Filmen er sett til Shanghai i 2013, då seksten tusen grisar dukka opp i ei elv, heilt på ekte.

Vi følgjer fem figurar som er fletta saman via familie, forretningar eller forelsking. Dei gjev eit breitt, fengjande og artig innblikk i Kina.

Estetikk

Filmen er sterkt stilisert. Cathy Yan fråtsar i neonfargar, slik ho gjorde i superheltfilmen Birds of Prey, som var på kino i fjor.

Dead Pigs er den spenstige debuten hennar. Auga blir møtte av mørke, glorete nattklubbar med rikingar i merkeklede, og vulgære variantar av nye høghus rundt ein kopi av kyrkja Sagrada Família.

I skuggen av det kommersielle Kina står ein desperat bonde (Yang) med brått livlause grisar. Den stilmedvitne syster hans (Wu) bur i eit skjørt hus rikt på historie, omringa av grus og gravemaskiner frå Golden Happiness eigedom. Det visuelle uttrykket er ambisiøst og friskt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement