Film
Grineknappar og glansbilete
Nok eit glatt krigsdrama som held liv i verdskrigsromantikken.

Visekorporal Blake (Chapman) får ordre om å utføra eit oppdrag i skyttargravene ein aprildag på dei franske markene, berre to veker før perm. Han tek med seg kompisen Schofield (McKay), uvitande om at oppdraget tek dei inn i ingenmannsland for å overlevera ein beskjed som kan redda 1600 liv.
Bondsk
Filmen er visstnok basert på historier bestefaren Alfred fortalde regissør Sam Mendes og dei andre barnebarna då dei var små. Det betyr ikkje at 1917 verkar særleg truverdig. Men så driv ikkje Sam Mendes i truverdsbransjen heller. James Bond-filmane Spectre (2015) og Skyfall (2012) er faktisk ikkje dårleg samanlikningsgrunnlag.
Her vert ikkje spart på kuler og krut, fienden er tydeleg, heltemotet er stort. Til liks med James Bond er også Sam Mendes engelsk, men filmane hans har noko særs hollywoodsk over seg. 1917 er ein type storfilm som skal lokka på kjenslene ved at hovudpersonane er truskuldige, fine unge menn med livet framfor seg og barndommen like bak seg. Med slikt utgangspunkt skal det godt gjerast å unngå eit gjennomgåande patospreg.
Naiviteten
Det må seiast at eg ikkje er særleg glad i krigsfilmar. Same kor gode dei er, er det aldri noko kjekt, rett og slett fordi det ikkje er kjekt å sjå oppsvulma lik som heng fast i piggtråd, fluger som svirrar over kadaver, og iskald gjørme som kakar seg kring føtene på trøytte soldatar. Men når det skal overpøsast med scener der vakre balladar vert sungne før slaget, der solnedgangen ser ut som retusjert reklamebakgrunn og alle replikkane har noko skuleoppsetningsaktig over seg, funkar det ekstra dårleg for meg.
Hadde me berre lært noko av alle desse krigsfilmane, for eksempel at me ikkje burde kriga. For er ikkje det til slutt bodskapen i alle krigsfilmar? At me må slutta å kjempa for ei sak som dei som fører slaga, ikkje eigentleg brenn for?
Akk, så naivt. Akk, så sant. Akkurat som 1917, seier eg mens eg tørkar tårene som Sam Mendes er avhengig av for at filmen skal hanka inn Oscar for beste regi.