Grådig gøy i Groruddalen
Filmen basert på den populære romanen Hør her’a sprudlar.
Onkel Ji (Asim Chaudry), Ali/Alia (Liza Haider) og Mahmoud (Mohammed Ahmed) på sightseeing utanfor operaen i Oslo.
Foto: Motlys
Drama / Komedie
Regi: Kaveh Tehrani
Hør her’a
Med: Mohammed Ahmed, Liza Haider, Asim Chaudhry, Kriti Surjan Thepade
Kinofilm
Det er sommar i Oslo. Mahmoud (Ahmed) heng heime i Groruddalen, medan «norske nordmenn» er i Syden. Onkel Ji (Chaudhry) kjem på besøk frå Pakistan. Det uroar alle. Mora (Thepade) må lage imponerande mat. Mahmoud må fungere som guide for onkelen, medan faren køyrer drosje.
Vetlebror Ali (Haider) er i overkant interessert i rosa einhyrningar, regnbogar og sminka til Arisha, jenta Mahmoud er forelska i. Snart vil Ali bli kalla Alia. Mahmoud har ei mengd problem.
Snakkis
Mahmoud snakkar rett til kamera på vegner av «vi pakkisbarn». Han rettar seg til publikum og forklarar korleis livet som norskpakistansk gut utan pengar er i Groruddalen.
De norske nordmenn lyt lære! Her blir det hersa vilt med alle stereotypar.
Alle kurdarane heiter Goran. Alle dei pakistanske mødrene sladrar mellom balkongane. Smilande somaliske menn diskuterer ein ny blazer og norsk forbod mot khat. Eller har Sylvi Listhaug rett i at småpraten handlar om at det kanskje er på tide å byrje å ta over landet? Hør her’a blir omtala som drama, men har minst like mykje komedie i seg. Blikket på det norske er stundom hylande morosamt. Filmen boblar av idear og forteljarglede.
Det er mange ting ein pakistansk far kan sette etter: «Eg kom ikkje til Noreg for å...». Karikerte figurar er utgangspunkt for leik som etter kvart gjev djupn. Onkel Ji er ein stereotyp parodi som blomstrar til å få fleire sider i løpet av filmen. Etter kvart tek dramaa større plass. Trass i tunge tema er dette ein lettbeint film som eg forstår at vann gledespreiarprisen på filmfestivalen i Haugesund. Boka til Gulraiz Sharif, som filmen er basert på, er vilt populær. Filmen vinn sikkert òg flust av hjarte.
Kjære Oslo
Mohammed Ahmed har eit vinnande vesen og er perfekt for hovudrolla. Tenåringsbarten er topp. Den keitete kroppsstillinga òg. Du kastar deg med på turen hans med det same. Han er ein betre guide for oss enn for Onkel Ji. Animasjon, fjernsynsklipp og høgt tempo gjev ei livleg opning. Filmen fyller sommaren med sprakande fargar.
Mahmoud er ikkje overtydd om at paradiset ligg blant blokkene, slik onkelen verkar tru. Men fridomen er ikkje verst. Kanskje Alia høyrer heime og er «pakkis som alle andre», eventuelt hijra i pakistansk tradisjon?
Vi får rørande brot i den fleipete tonen. Regissør Kaveh Tehrani ber bodskap om forståing og respekt både mellom grupper i Noreg og i det pakistanske miljøet historia kjem frå, aust i Oslo. Mahmoud seier at han er «oslosk». Denne filmen er tvillaust veldig oslosk. Likevel lokkar han låtten fram hjå ein bergensar som er programforplikta til mild irritasjon over hovudstaden. Dette var ein kjekk kinotur.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.