God stemning
Røynd slår fiksjon i den koselege historia om verdas dårlegaste landslag.
Filmen følgjer fotballaget til Amerikansk Samoa, kjent for det sørste tapet i Fifa-historia.
Foto: The Walt Disney Company Nordic
Komedie/drama
Regi: Taika Waititi
Next Goal Wins
Med: Michael Fassbender, Oscar Kightley, Kaimana
Kinofilm
I 2001 tapte herrelandslaget til Amerikansk Samoa 31–0 for Australia, det største tapet i historia for kvalifiseringskampar til verdsmeisterskapen i fotball. Ti år etter blir den temperamentsfulle palakien, eller kvitingen, Thomas Rongen (Fassbender) tvinga til å ta jobben som trenar. Tinginga frå leiaren for fotballforbundet er eit mål. Berre eitt mål. Rongen leiar ei brokete forsamling.
Tropiske tropar
Den sanne historia har alt Hollywood elskar: ein kvit frelsar, ein trist privilegert mann som får ny innsikt i livet av å møte livsglade folk frå ein annan kultur, og ei forteljing om underdogs. Ikkje rart Disney tok tak i saka etter suksessen til dokumentarfilmen med same namn frå 2014. Som regissør Taika Waititi i rolla som prest seier til kameraet i innleiinga, har dei teke seg ein god porsjon fridomar.
Waititi er rett mann til oppgåva. Han tøysar med tropane. Vitsane sit stundom godt. Ei rekke av figurane har sjarm. Den normalt framifrå Michael Fassbender verkar rusten. Etter fire år fri var returen i The Killer nitrist. Han er betre i hovudrolla i Next Goal Wins, men lyt spele seg i form.
Ein av dei meir talentfulle samoanske spelarane er Jaiyah (Kaimana), som høyrer til fa’afafine, ein kjønnskategori med historiske samoanske røter. Samoanarar er nokre steg framfor den jamne Fifa-pampen på den fronten. Kaimana spelar rolla som Jaihay fint.
Søtt og godt
Amerikansk Samoa er ein av USAs koloniar i Stillehavet, med færre folk enn Haugesund. Den fremste karrierevegen er militæret til kolonimakta, men dei kan ikkje stemme på kva president som skal sende dei i krigen. Dei er ikkje nett ei stormakt. Då er sjølvironi bra å ha.
Newzealandske Waititi har ein fin vri på spenning i idrett på film. Klimakset blir gjenfortalt til forbundsleiaren, sidan han svima av under kampen. Next Goal Wins er søt og triveleg. Filmskaparen held ikkje tilbake på kjenslestrengene.
Rørande pianoklimpring i ordinær stil kjem ofte. Då treffer tradisjonell samoansk song kjenslene sterkare. Filmen har ein sterk dose Disney som utvatnar den frekke Waititi-stilen frå filmar som What We Do In the Shadows. Det hindrar ikkje at dette er ei fin forteljing med humor, god stemning og kjærleik til folk og fotball.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Slaktetid
Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.
Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.
Foto: Den Nationale Scene
Den vanskelege, men nødvendige venskapen
I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.
Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Når Kielland stig ned frå sokkelen
Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.
Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.
Foto: Birte Magnussen
Ein mangslungen veg
Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.