God humor i roleg tempo

Sjåarane kan følgje «Gutta på skauen» i ti episodar på NRK.
Sjåarane kan følgje «Gutta på skauen» i ti episodar på NRK.

Film

Meir enn eit korrektiv til ymse framstillingar av okkupasjonen blir fortida nytta for å harselere med notida.

Publisert

Serien om Thorvald som samlar ei lita motstandsgruppe og set til skogs for å «gjere noko», blei utsett av NRK på grunn av krigen i Ukraina. Det er ikkje heilt lett å forstå grunngjevinga for denne utsetjinga. NRK sette ikkje ’Allo ’allo! på pause under den første golfkrigen i byrjinga av 1990-åra.

Mine eigne forventningar til serien var store. Ikkje minst fordi serieskaparane og manusforfattarane Erlend Loe, Bjørn Olaf Johannessen og Per Schreiner tidlegare har laga magi med serien Meningen med livet. Gutta på skauen når ikkje heilt opp på same nivå, men du bør likevel ikkje velje han bort.

Påkosta

Dette er ein påkosta serie. Vi får servert vakre filmatiske tablå, rekvisittansvarleg har gjort ein strålande jobb (med unntak av fottøyet), og tidskoloritten er truverdig. I den gullrutevinnande NRK-serien Vikingane (2016) er det eit sentralt verkemiddel at dei over tusen år gamle krigarane fører eit moderne notidsspråk. Dei «tenkjer utanfor boksen» og er opptekne av «synergi». I Gutta på skauen er det meir dagens ulike utfordringar som vert sette inn i ei 1940-talsramme, men dei fører eit 1940-talsspråk, som er morosamt på sitt vis.

Få enkeltscener skaper den store latteren, men dei ti episodane sørgjer for vedvarande humring med mange gode skodespelarprestasjonar. Favoritten er Nader Khademi i rolla som den nærtakande Sverre. Men her er fleire som er gode. Thorvald (Ola G. Furuseth), den usikre og tilgjevande leiaren som gradvis fører ein heitare og heitare samtale med kvinna i London, og den spenningssøkjande Kåre (Mikkel Niva), som er litt for klåfingra med våpen.

Høgdepunkt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement