Film

Glør i oska

Xavier Dolan er ein forfriskande regissør og ein gneistrande skodespelar.

Regissør Xavier Dolan (t.h.) spelar sjølv rolla som Maxime som skal ta farvel med Matthias (Almeida Freitas) og andre vener før han reiser til Australia.
Regissør Xavier Dolan (t.h.) spelar sjølv rolla som Maxime som skal ta farvel med Matthias (Almeida Freitas) og andre vener før han reiser til Australia.
Publisert

Matthias (Almeida Freitas) og Maxime (Dolan) har vore venner heile livet. På tampen av tjueåra er det brytningstid. Maxime skal forlate Montreal til fordel for Australia, men etter at dei to kameratane måtte kysse i ei studentfilmscene, bryggar brått andre kjensler under overflata dei siste vekene. Anten brenn vennskapen ut, eller så kan ein ny flamme bli tend.

Formfull

Då den fjollete filmstudenten seier at ho lagar ein film som er både ekspresjonistisk og impresjonistisk samstundes, himlar folk med auga, men ein undrar etter kvart på om ikkje Dolan klarar å gjere nettopp det. Skifta i stemning er klare. Det svingar frå detaljrik intimisme til nærast outrert uttrykk frå hektisk musikkvideoterreng.

Pusteromma skin. Både rask og sakte film er lov for Xavier Dolan. Regissøren er innfallsrik og original, sjølv om filmane hans har mykje til felles. Fyrar som pratar hol i hovudet på deg, ei grufull mor, Dolan i rolla som ein plaga kar. Matthias & Maxime kjennest dels som om ein har sett han før, men likevel er han forbausande frisk.

I Mamma smalna Dolan formatet på biletet kvelande inn, og no går han over i full vidvinkel når kjensler får breie seg. Leiken med kamera og medvitet om nærværet det har, gjennomsyrar filmen. Hadde ikkje Dolan vore så proppfull av talent, hadde pretensjonane plaga publikumet til barnestjerna som fekk sin første film som regissør inn i Cannes då han var tjue. Pianomusikken til kanadiske Jean-Michel Blais gjev minimalistisk magi mellom bognande scener med Pet Shop Boys-versjonen av «Always on My Mind», slagarar frå Arcade Fire og Florence and The Machine og perfekt bruk av nydelege «Song for Zula» av Phosphorescent.

Kjenslevar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement