Gledeleg gjensyn
Downton Abbey, the movie, speler ut heile rollegalleriet og er akkura det fansen vil ha.
Tenarskapen i Downton Abbey likar ikkje å bli sette til side av tenarane kongen har med seg til godset.
Foto: United International Pictures
Drama
Regi: Michael Engler
Downton Abbey
Med: Hugh Bonneville, Maggie Smith
Har du ikkje sett TV-serien Downton Abbey, er denne filmen verdilaus. Er du derimot ein av dei som såg soga om familien Crawley og tenarane deira, kan du flytte inn att i det ferdig møblerte universet – og kose deg. TV-serien, som gjekk over seks sesongar frå 2010 til 2015, var ei utilslørt hyllest til det britiske aristokratiet, men med sensibilitet for tenarskapet.
Det er i desse downstairs-rollefigurane ein får noko som liknar kritikk av denne tida, sjølv om det heile først og fremst er estetisert overflate. Hovudingrediensen i Downton Abbey er og var tidskoloritten: all pompen og prakta, dei store salane og dei snirklete trappene, den konstante tedrikkinga og det interne intrigespelet. Plottet er berre krydder. Det er kulturell nostalgi som er motoren.
Filmen plukkar opp att tråden frå 1927. Downton-huset skal få det britiske kongeparet på besøk, og alt må skine. Stort meir er det ikkje å seie om handlinga. Det er møtet med det mangslungne persongalleriet som gjer filmen fornøyeleg. Og den beste karakteren er framleis Violet Crawley (Smith), enkegrevinne, matriark og mor til lord Grantham (Bonneville). Stadig på ferde for å sikre familiearven serverer ho replikkar som «Machiavelli hadde mange kvalitetar». Elles er solidariteten hjå tenarane, som denne gong blir spelte ut over sidelinja av kongehusets eigen stab. At dei hemnar seg på «sine eigne» og ikkje det undertrykkande aristokratiet, er ironisk, men talande for det Downton Abbey handlar om. Ei svunnen tid då alle, sjølv dei nede på den hierarkiske stigen, aksepterte rolla si av di Storbritannia er den største nasjonen. Og bakom dette syng brexit.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den beste rollefiguren er framleis Violet Crawley, enkegrevinne og matriark.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.