Film

Geriatrix

Alder er inga hindring for å framstå som krampaktig og umorosam.

Ei gruppe vaksne damer dannar heiagjenggruppe for å realisere draumane frå yngre år.
Ei gruppe vaksne damer dannar heiagjenggruppe for å realisere draumane frå yngre år.

Komedie

Regi: Zara Hayes

Poms

Med: Diane Keaton, Jacki Weaver, Rhea Perlman

Lytt til artikkelen:

Martha (Keaton) forlèt sitt gamle, tilsynelatande knapt eksisterande liv for å pleia kreften sin åleine. Men, å nei, du! På det eksklusive alderspensjonatet i Georgia får den sprø naboen Sheryl (Weaver) henne på andre tankar: Det er på tide å realisera heiagjengdraumen frå yngre år. Alder er jo berre eit tal!

Flaue flosklar

Det er vanskeleg å skriva denne meldinga utan å ty til kraftig ironi. Det ironiske er at Poms er nær blotta for akkurat dette. Filmen er i staden overlessa med usannsynlege scenario og flaue flosklar over ein låg hæl. Dersom ein gjeng godt gamle damer hadde stilt opp med danseshow og duskar på eit arrangement med profesjonelle unge cheerleaders, ville dei unge verkeleg ha bua og ledd? Som om dei gamle damene liksom utgjorde noko form for trugsel?

Slike idiotiske reaksjonsopplegg skjemmer filmen frå starten – ingen kjøper det. Det er som ein barnefilm der dei dumme er nokre skikkelege dummingar og ingen andre nyansar trengst. Men eg reknar med at filmen har eit publikum han vil nå, og at dette publikummet er minst ein generasjon over meg. Så kva skal denne meiningslause infantiliseringa tyde?

Simpel spøk

Ja då, eg skjønar at Poms skal vera ein «feelgood»-film, men det kjennest langt frå godt å sjå at klisjeen einsleg og barnlaus automatisk tyder einsam alderdom. 46 år som lærar i New York, og ho har korkje vener eller familie? Eg tenkte fyrst: «Kor mykje pengar fekk Diane Keaton for å spela i dette merakkelet av ein film?» Men så ser eg fordømrade meg at Keaton er medprodusent. For fyrste gong trur eg på at det har rabla for henne på hennar eldre dagar.

Hadde ho no berre vore morosam! Humoren er meir lik Mot i brøstet enn Annie Hall, om nokon skulle vera i tvil. «Det er ikkje nok ereksjonar rundt om her», seier sprøøø Sheryl – hå hå hå, nei, ho får sagt det, ho Sheryl! Og så får dei smetta inn eit underleg guffent poeng når dei rotar med meldingskodane på sikkerheitskontoret: valdtekt eller husbråk? Ha ha ha – som om nokon vil valdta gamle menneske! Eg kan nesten ikkje tru at dei dreg ein så simpel spøk.

Gje meg Trim for eldre kva tid som helst. Gullduskane kan Diane Keaton og kompani ha for seg sjølve.

Humoren er meir lik Mot i brøstet