Gaukereiret
Regissør Ellen Ugelstad kjempar for endring i psykisk helse med filmatisk finesse.
ELLEN UGELSTAD
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Dokumentardrama
Regi: Ellen Ugelstad
The Recovery Channel
Med: Turid Rivertz Vatne, Valentina Alexeeva, Ravdeep Singh Bajwa
Kinofilm
Regissøren Ellen Ugelstad presenterer seg for ein redaksjon som snakkar om psykisk helse, og fjernsynsvertane Randi (Rivertz Vatne) og Omar (Singh Bajwa) gjer seg klare i studio. Vi får klipp av Randi som vil hjelpe systera si, Ylva (Alexeeva), som har vonde erfaringar med tvang i helsevesenet.
Djupna
Med Ugelstad veit du kva du får, og du veit at det blir bra. Ho blandar dokumentar med fiksjon. Temaet er psykisk helse, som i hennar tidlegare filmar Making Sense Together (2018) og Indian Summer (2011). Ugelstad er ein auteur innan norsk dokumentarfilm. Ho er tydeleg. Motivasjonen spring ut av livet med ein psykisk sjuk bror. I innleiinga etablerer ho kontrakten med publikum ved å gjere klart kva element som er med. Turid Rivertz Vatne er til dømes både skodespelar og sjukepleiar. Ho fengslar i spenn mellom ankerrolla og som pårørande.
The Recovery Channel er systemkritikk, på lag med dei som har vore utsette for maktovergrep. Kritikken rammar òg media. Dei set i scene ei heil nyhendesending om tvang i psykiatrien for å poengtere at fjernsynet ikkje gjer slikt. Slik ser vi styrken ikkje berre i filmen vi ser, men i dokumentarfilm som form. Filmen gjev tid til lengre intervju med fleire folk med historier som skakar oss. Vi får fleire perspektiv.
Dokumentarfilm kan gå i djupna på ein måte tidsklemma på TV ikkje tillèt. Det er òg eit poeng at filmar med slik brodd og stilistisk finesse er å sjå på kino. Her er ingen knapp for å auke farten, ingen pling frå mobiltelefonar, men fullt fokus. Då sit filmen sterkare i kroppen. I ei scene full av mediekritikk løftar kritikarane fram ein VG-reportasje som er eit døme på at gravande journalistikk trengst. Film har same føremon med mogeleg djupn.
«The Recovery Channel er systemkritikk, på lag med dei som har vore utsette for maktovergrep.»
The Recovery Channel (forfilm)
Vernet
Ugelstad er grundig og konkret. Eg lærer. Tvangen handlar både om medisin og om belte. Det store biletet handlar om menneskerettane og kritikk mot Noreg frå FN og Verdshelseorganisasjonen. Intervjuobjekta som sjølve har opplevd overgrep frå helsevesenet, får lagt fram historiene sine i fine former. Vitnesbyrda til Inger Mari Eidsvik som saksøkte staten, er sterke.
Rekonstruksjonen av Ylva som blir bunden fast, skjer i hjarta. Scena blir meir effektiv av mangelen på bøller. Dei tilsette ser verkeleg ut til å bry seg. Likevel er det klart at dette må vere feil. Vernet folk treng, er eit anna. Vi må rydde opp i det psykiatriske reiret. Filmen gjev gode døme på at det går an å fri seg frå gamle former. Vi får jamvel festlege døme på konstruktiv, manisk gauking.
Ellen Ugelstad skil ikkje mellom seg sjølv som aktivist, som pårørande og som filmskapar. Ho manøvrerer rollene imponerande og tenkjer heilskap. Det er godt å sjå at ho tek seg tid til å meisle ut kunstnarisk innfallsrike og vellaga filmar med kraft. Slike filmskaparar må vi verne om.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
T
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.