Frykt og fordomar
Alex Garland kroppsleggjer effektivt trøblete mannsroller i ny skrekkfilm.
Jessie Buckley spelar hovudrolla som Harper.
Foto: Stockwell
Drama / Skrekk
Regi: Alex Garland
Men
Med: Jessie Buckley, Rory
Kinnear, Paapa Essiedu
Kinofilm
Harper (Buckley) kjem til eit stort gamalt herskapshus i landlege England. Den rart joviale Geoffrey (Kinnear) leiger ut huset. Klipp frå fortida visar at mannen til Harper tok livet av seg då ho ville skilje seg. Landsbyen ho har søkt tilflukt i etter traumet, viser seg å by på mang ein møkkamann.
Kinnearorama
Jessie Buckley er gnistrande som Harper. Figuren er trygg på eigne verdiar, men når redsla snik seg inn, kjem tvitydige kjensler til syne i andletet. Rory Kinnear spelar alle mennene i byen. Med ei mengd ulike variantar av sminke, parykkar og kostyme tek han ulike former.
Kinnear er god. Han får openbert spele på fleire strengar. Alle har noko ekkelt ved seg, sjølv om nokre kan verke meir keitete enn vondsinna i byrjinga. Masker fell etter kvart, trur vi. Det er slett ikkje klart kva som skjer på ekte. Minne, mareritt og monstrøse hendingar heng saman.
Regissøren Alex Garland lèt oss tolka sjølve. Etter ryggsekkturistkritikken eller -hyllinga i boka The Beach (1996) har han hatt hell med science-fiction i Ex-Machina (2014) og Annihilation (2018). Overnaturlege element får bra med plass i Men òg, sjølv om bileta av natur og landskap er det mest visuelt slåande lenge. Fargebruken er sterk. Spesialeffektane kjem tidsnok til sin grufulle rett med såkalla kroppsskrekk.
Brexitskrekk
Sjangeren tru får vi frampeik. Einsam idyll i store hus plar rakne. Store vindauge med staseleg utsikt gjev mindre glede om nokon ser inn. Ein kniv vil neppe bli brukt berre til grapefrukt. Du må ikkje vere presteson for å tenke at ei kvinne som et eit eple frå eit tre, kan sjå syndig ut i enkelte augo. Alt eskalerer til blodige scener som ikkje passar for dei lettskremde.
Tematisk grev filmen i problem knytte til kjønnsideal. Landsbyen ligg i den britiske bakevja. Harper er ei moderne kvinne frå London. Men er eit skrekkeksempel på eit anna Storbritannia, der menn er menn, stemmer for brexit og helst skuldar på ein «sigøynar».
Her er det opp til kvar enkelt om Garland går i si eiga felle av fordommar mot rurale England, eller om han tek giftige mannsroller på kornet. Eg er tvisynt. Frykta til Harper for menn som ikkje taklar å bli avviste, er uansett truverdig og forståeleg. Men er skummel, stilig og aktuell.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.