Film

Frisk og fri

Yngvild Sve Flikke friskar opp norsk komikk fritt etter Fallteknikk.

Kristine Kujath Thorp spelar 23 år gamle Rakel som drøymer om å bli serieteiknar.
Kristine Kujath Thorp spelar 23 år gamle Rakel som drøymer om å bli serieteiknar.
Publisert

Vimsete Rakel (Thorp) har rota det til for seg. Ho er gravid. Grådig gravid. Som singel i tjueåra er det først uråd for henne å vite kva fyllekule som har skylda. Kven er faren? Framande Aikido-Mos (Khademi) eller irriterande Pikkjesus (Berning)? Babyen har snike seg inn som ein ninja. Korleis kjem frisinna unge vaksne i dagens Oslo ut av ei slik knipe?

Peik

Yngvild Sve Flikke gjorde god litteratur til gøy film med Kvinner i for store herreskjorter, basert på Vente, blinke av Gunhild Øyehaug. Utgangspunktet for Ninjababy er den teikna romanen Fallteknikk av Inga Sætre. Flikke lukkast igjen.

No òg har ho forfattaren med på laget. Teikningane til Sætre er elegant inkorporerte og syner tankane til Rakel og sprø samtalar med fosteret. Dei bidreg til ein fjong stil som står godt til den lette tonen. Filmen kjennest fri. Dette er korkje ein peikefinger frå Ropstad eller ein pamflett frå Kvinnefronten. Forteljinga er forfriskande. Dialogen er kjekt spekka av kroppsvæsker og toskeskap.

Leik

Trass i fjas er filmen både rørande og meiningsfull. Å tora å tulla slik med tema av tung art krev sin eggstokk og finesse. Humoren held seg skarp og ledig. Ein skrattar ikkje høgt støtt, men finurlege innfall og frekke replikkar gjer at ein stendig har eit smil om munnen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement