Film

Framleis Anthony

Skodespel av høg klasse skapar solid film av eit teaterstykke.

Olivia Colman og Anthony Hopkins i hovudrollene.
Olivia Colman og Anthony Hopkins i hovudrollene.
Publisert

Anthony (Hopkins) er dement. Dottera Anne (Colman) gjer alt ho kan for å hjelpe. Det er ikkje lett, for faren kjem støtt med stygge angrep på heimehjelpene, som sjeldan held lenge.

Anthony rotar og kjenner ikkje igjen ein svigerson som hevdar at han har vore gift med dottera i ti år. Han minnest ikkje at den andre dottera hans har hatt ei stygg ulukke. At Anne vil flytte til Paris med mannen og sende faren til ein aldersheim, har han lite forståing for.

Storspel

Anthony Hopkins vann Oscar for beste skodespelar med si tolking av Anthony, nesten tretti år etter han vann for Nattsvermeren. Han gjer sjølvsagt ein framifrå jobb. Skilja mellom aggressivt arrogant og forsvarslaust forfjamsa sklir utan saum.

Likevel er eg faktisk endå meir imponert av Olivia Colman. Andletet hennar er makelaust i sprang mellom entusiastisk oppofring og frustrert vonløyse. Ho har eit enormt spenn av nyanserte uttrykk. Med fare for ei sjølvmotseiing som minner om Monty Python, er dei båe unikum.

Skrivekunst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement