Framifrå finale
Jonas Carpignano fullbyrdar trilogien frå Calabria med den strålande debutanten Swamy Rotolo i hovudrolla.
Den 15 år gamle Chiara blir spelt av debutanten Swamy Rotolo.
Foto: Mer Film
Drama
Regi: Jonas Carpignano
Chiara (Orig.tit.: A Chiara)
Med: Swamy Rotolo, Claudio Rotolo, Grecia Rotolo
Kinofilm
Chiara (Rotolo) er ein femtenåring som andre i Calabria, sør i Italia. Mobilen, tredemølla og strandpromenaden er faste haldepunkt, men familien er kjernen. Dei har nære band.
Vi ser fort at faren Claudio er ein kjærleg og god far. Når systera Giulia fyller 18, har storfamilien fest. Stemninga er varm og god, men kort tid etter forsvinn faren. På fjernsyn fortel dei at han er ein mafiamann på rømmen. Chiara spør familien og seg sjølv kven ho er.
Ekte triptyk
I debuten Middelhavet (2015) kom burkinske Ayiva til Calabria som papirlaus migrant. I oppfølgjaren A Ciambra (2017) var hovudpersonen romguten Pio. Med Chiara som berebjelke no har Jonas Carpignano laga eit triptyk av tre figurar som alle høyrer heime utanfor det moderne, offisielle Italia. Når fetteren til Chiara seier at Rafael var høgt akta for å måle folk slik dei faktisk var, kunne han like godt ha snakka om regissøren. Portretta er perfekt ekte.
Til liks med dei to førre filmane er Chiara nydeleg nyansert. Du har aldri sett ein mindre mafiøs mafiafilm. Hierarkiet i den mektige og brutale ‘Ndrangheta er fråverande. Den lange, herlege festscena minner om bryllaupsscena som opnar Gudfaren, meir fordi ho er like vellukka, enn fordi ein får innsikt i maktstrukturar. Ekte kjærleik strøymer i slekta. Folk er ikkje karikerte og velartikulerte. Dei er sosialt litt keitete, vanlege elskverdige folk.
Ei stjerne er fødd
Swamy Rotolo er suveren i hovudrolla. Debutanten vann med rette Donatello-prisen for beste hovudrolle i Italia. Kameraet flakkar med preg av perspektivet til den søkjande tenåringen. Andletet hennar fyller ofte nærast heile lerretet. Ho ber bileta med bravur.
Som før brukar Carpignano folk utan røynsle. Heile Rotolo-familien er med. Det er ikkje til å tru kor god regissøren er til å få folk til å spele. Den grovkorna biletkvaliteten er vakker og aukar kjensla av realisme. Lydsporet er fullt av pop og reggaeton i den rette leia for miljøet. I tillegg kjem mektige tonar av Ben Zeitlin og Dan Romer som løftar styrken i dramaet.
Forteljinga om den viljesterke tenåringen som skal finne vegen sin, har god driv. Ho får høyre at ho ikkje forstår, men publikum kjenner raseriet, sorga og den stadige opninga av sinnet til Chiara. Ho veks framom store val.
Chiara er ein strålande slutt på ein trilogi, men du treng ikkje ha sett dei to andre filmane for å sjå han. Denne tilrår eg heilt utan vilkår.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til liks med dei to førre filmane er Chiara nydeleg nyansert.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.